Bjørnefjordsbrua vert truleg ikkje bygd
Lesarinnlegg: 15 vegprosjekt i fare.
I VG 15. august kan vi lese frå ein rapport, utarbeidd av Oslo Economies, at 15 vegprosjekt i regjeringa sin prestisjeplan ikkje vert realisert viss kostnadsramma på 1064 milliardar skal overhaldast.
Dei fleste prosjekta er på Vestlandet, herunder E39 Ådland – Svegatjørn (Stord-Bergen), Ålesund –Molde, E134 Vågsli – Røldal m/fleire.
Når Austlandet har fått sine intercitytog og Solvik-Olsen har fått 4-felts motorveg frå Oslo til Stavanger, då kan folk i Øyane og på Reksteren sova trygt. Det er ikkje meir pengar att.
Men er vi tent med ei regjering som ...
• brukar nær ein halv milliard (500 millionar kr,) på planlegging av ei bru som ikkje vert bygd, samstundes som dei ikkje har pengar til lys i tunellane?
• i revidert budsjett «stel» 50 millionar frå prosjektmidlane til E16 ?
• har eit underskot i statskassen på 26 milliardar i første halvår?
Svaret er nei, og då må denne regjeringa skiftast ut.
OS SENTERPARTI
Jan Gaassand
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.