Lokal | 25. sep. 2014

To blad Rykkel i same møte

Venstre stilte med familielag i kommunestyret tysdag, då Tore Rykkel måtte stilla som vararepresentant, saman med Jon Sivert Rykkel.

To blad Rykkel i same møte
Tore og Jon Sivert Rykkel stilte båe for Venstre i kommunestyret tysdag (foto: Kari M. Lyssand)
Andris Hamretorsdag 25. sep. 2014 08:21

Tysdagens kommunestyremøte blei på mange måtar eit historisk møte. Ikkje berre blei heile møtet leiia av varaordførar Marie Bruarøy (H), men i salen sat òg far og son Rykkel, som representantar frå same parti.

– Det var litt tilfeldig at det blei slik.

– Far er fjerde varamann for Venstre. Når ingen av dei andre hadde moglegheit til å stilla grunna utenlandsreiser og andre tilhøve, så måtte han steppe inn, fortel venstre sin gruppeleiar, Jon Sivert Rykkel.

Effektivt gruppemøte

Rykkel jr fortel at det gjekk greit å ha med far Tore i møte.

– Det passa jo bra, når innkjøpsstrategi for elbilar var ein av saken som skulle diskuterast.

– Far er veldig oppteken av dette og var irritert på den svake saksutgreiinga frå administrasjonen, så slik sett passa det bra at han fekk moglegheiten å stilla i møtet.

– Dessuten blei det jo eit veldig effektivt gruppemøte når det var berre vi to, smiler Jon Sivert Rykkel.

Ikkje på ti år

Når, eller om det tidlegare har skjedd, at to med så nære famileband har delteke i same kommunestyremøtet for same parti er uvisst. Rett nok sit Jonny og John Garvik båe i kommunestyret, men for kvart sitt parti, henhaldsvis Høgre og Fremskrittspartiet.

Mangeårig politisk sekretær for kommunestyret, Gunvor Heggland, kan ikkje hugse det har skjedd tidlegare.

– Eg trur ikkje vi har hatt to med så nære familieband i same parti i same møte sidan eg starta i 2001.

– Om det har skjedd tidlegare enn det blir omfattande å finna ut. Då må ein nesten gå gjennom samtlege møteprotokollar.

– Det einaste eg kan koma på no er vel at vi på 1800-talet hadde far og son som var ordførarar i kvar si periode, fortel Heggland.

Ordførarane ho siktar til er truleg den første ordføraren vi hadde, den gong Os, Strandvik, Fusa, Samnanger og Hålandsdalen hadde felles styre. Frå 1838 til 1841 var landhandlar Hans Astrup Kruger ordførar, medan Hans Kristian Severin Kruger, også han landhandlar tok over i tre år frå 1852.

Så spørs det då, om den neste ordføraren igjen får oppgåva å styra ei felles kommune, slik som Kruger gjorde på 1800-talet...

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.