Sport | 05. sep. 2014

Blant landets 4 beste fotballag

Os G14 vann i dag kvartfinalen med skåring to minutt før slutt og er vidare til finalehelga i Adidas Cup (uoffisielt NM).

Blant landets 4 beste fotballag
Osingane bur på skule i Hamar i helga og feira kvartfinalesigeren på rommet i kveld. I morgon er det cup på Hamar. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 05. sep. 2014 21:01

For knappe to veker sidan slo dei Vard Haugesund ut av Adidas Cup på sudden death, i dag vann Os over Hasle-Løren etter skåring to minutt før full tid.

Midtstoppar Vegard Strønen Skeie kom opp på ein corner og gjorde som i eit par tidlegare kampar i det uoffisielle noregsmeisterskapet, nikka ballen i mål.

– Eg heada på keeper, som gav retur, så eg heada igjen, og då gjekk ballen inn. Det blei bra jubel, spesielt av Bjørnar og Kai, seier Vegard om kapteinen og keeperen.

Os - Hasle-Løren 1-0 (0-0)
Målskårar, Os: Vegard Strønen Skeie
Os G14-laget: Kay Milan, Vegard Strønen Skeie, Trym Hjørnevik, Ole Martin Lekven Kolskogen, Tobias Nøss, Bjørnar Straumsnes, Niklas Lunde Fosen, Steffen Kvamsdal, Trygve Dahl Bjørnevik, Ludvig Egge Drange, Espen Eikeland Jarland, Jørgen Finne Kuven, Fredrik Sivertsen, Sondre Jørgensen Nystad, Kristoffer Røttingen, Markus Heggland Myrlid, Marius Een Lyssand og Liam Askvik.

Laget har utspring i Os Alliansen og består av spelarar med bakgrunn frå Nore Neset, Søre Neset og Eikelandsfjorden, men også spelarar frå Lysefjorden og Søfteland er å sjå på alliansetreningane.

Dagens kaptein, Bjørnar Straumsnes, bur framleis i Fusa, men har meldt overgang til Os. Han sette inn 3-3 tidlegare i NM, ei skåring som sendte Os til straffekonk og siger over Sædalen.

– Det var veldig gøy, men det var like fantastisk å sjå Vegard gje oss sigeren i dag. Vi hadde bra kontroll og spelte dei nærmast ut, men missa på mange sjansar, så det var godt at vi endeleg fekk ballen i mål.

Keeper Kai Milan Goitowski var på ferie då Os vann 1/8-finalen, i dag var han tilbake mellom stengene.

– Dei bli ikkje så spennande, eg var ut og klarerte nokre gongar då motstandarane slo langt. Eg sto godt utanfor 16-meteren då Vegard skåra, så vegen var ikkje så lang fram for å bli med på jubelen.

9 bilar til Hamar

Kampen gjekk på Hamar, der ein utvida versjon av laget frå i morgon skal delta på Hamar Cup.

– Det er bra med foreldre med, vi er 9 bilar bortover med 18 spelarar, seier trenar Kjell Kolskogen.

Semifinale og finale i Adidas Cup blir spelt 20. og 21. august i Oslo.

Sjå oppsett og resultat.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.