Lokal | 21. apr. 2014

Blei berga ned frå fjellet

Ein mann måtte hentast med ATV etter at han ramla på veg ned frå ein fjelltur søndag.

Blei berga ned frå fjellet
Den skadde på veg ned tl Tøsdal i dag. (Lesarbilde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 21. apr. 2014 18:53

Søndag i 14-tida kom det melding om ei ulykke på Tøsdalsfjellet.

– Vi hadde gått over Borgafjellet og var på veg ned på Tøsdal då eg skadde ankelen min, fortel mannen som skadde ankelen sin.

Han var på tur med kona då uhellet skjedde. Ambulansepersonell rykte ut, og rekvirerte ATV frå Os brannvesen.

– Vi kom oss langt opp i terrenget, berre 50 meter frå der han skadde seg, fortel varabrannsjef Arne Monsen.

Kjørte ATV, men ikkje ambulanse

Os brann- og redningsteneste har investert i vogn til ATV med plass til båre. No fekk dei tatt denne i bruk.

Men ambulansen blei sendt heim.

– Eg kunne like gjerne sitja i ein vanleg bil til legevakt, eg ville ikkje halda ambulansen opptatt utan grunn, seier mannen, som slapp unna utan brot i ankelen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.