Sport | 27. aug. 2016

– Blei glad i dag

Hassan El Fakiri strålande nøgd etter 3-0 siger og godt spel mot Gneist.

– Blei glad i dag
Øystein Takle Eide skåra Os sitt tredje mål (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 27. aug. 2016 15:12

Laurdag spelte Os borte mot Gneist, som dei berre klarte uavgjort 2-2 heime på Kuventræ i vårsesongen.

– I dag gjer vi ein solid kamp. Eg blei rett og slett litt glad for å sjå alt det positive spelet vi viser, både offensivt og defensivt i dag, seier Os-trenar og midtbanegeneral Hassan El Fakiri.

Gneist - Os 0-3 (0-1)
Os si startoppstilling: Andrew Todd, Endre Brenne, Glenn Krossøy, Adrian Kallekleiv Valle, Divaldo Cardoso, Marius Haugland Mikkelsen, Erik Kanestrøm, Rafael Villen Villen, Hassan El Fakiri, Steffen Årseth Ljosheim, Stian Lunde.

Os sine målskårarar: Marius Mikkelsen, sjølvmål for Gneist med Endre Brenne nest sist på ballen, Øystein Takle Eide.

Funne ut av det defensive

Os har ein tydeleg plan på korleis dei vil spela fotball.

– Det har motstanderane våre funne ut av og dei legg seg ofte lavt. Det har gjort at vi i eindel kampar har blitt tatt på kontringar. Det løste vi mykje betre i dag. Vi spelte med ein fin variasjon i høgt og lågt press, fortel El Fakiri.

Tålmodige

Ein av dei andre tinga Ostrenaren gler seg over er korleis Os trøyttar ut Gneist gjennom kampen.

– Igjen, vi gjer ein solid kamp, kor vi er tålmodige med ballen samstundes som vi har bra tempo i det. Gneistspelarane blir løpande etter og i mellom, noko som gjer at det opner seg nye rom for oss.

– Vi skaper mykje offensivt også og speler oss til eindel sjanser. Eg meiner vi burde ha skåra meir enn eitt før pause.

– Er det nokon som utmerkar seg i dag?

– Dette var ein lagsiger, men eg synes det er gøy å sjå på unggutta. Steffen Ljosheim fekk starta i dag og gjorde sine ting bra. Han er ein spelar som greier å dra av ein mann. Øystein Takle Eide kjem inn som innbyttar og gjev oss ny energi, noko som blir toppa med ei skåring. Eg kunne nemnd fleire også, men i dag var det først og framst ein lagsiger, avsluttar El Fakiri.

Sjå tabellen

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.