Ekteparet Terje og Liv Heidi Bjørkhaug har blitt medeigar i hotellet Villa Bella Piemonte.

Blei hotelleigar i Italia

Osingen Terje Bjørkhaug har saman med kona lang fartstid i hotellbransjen, men det var litt tilfeldig at dei blei medeigar i Villa Bella Piemonte.

image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Responsen blant venar og kjente var overveldande då Terje og kona Liv Heidi la ut denne statusoppdateringa på Facebook veka før jul:

«Endelig! En drøm har gått i oppfyllelse :-) I dag har vi blitt medeiere i et idyllisk, lite hotell i Piemonte, Italia!»

– Mange har meir enn antyda at dei vil reisa ned saman med oss. Fleire av venane og familiemedlemmane våre er interesserte i mat, vin og spennande aktivitetar og utflukter. Piemonte er perfekt for dette, seier Terje til Midtsiden.

Hotellet heiter Villa Bella Piemonte og ligg omtrent midt mellom Genova, Milano og Torino, rundt halvannan time med bil frå kvar av dei tre storbyane, men med fleire hyggelege småbyar i nærleiken.

– Hotellet er ikkje større enn at du kan leiga heile staden for å feira og feriera saman med storfamilien, firma eller ein venegjeng, sykla, gjerne med elsykkel, eller ta ein tur på ski i Alpane.

Skidestinasjonen Alba (1.520-2.450 moh) er berre ein time unna.

Eit vindistrikt på verdsarvliste

Terje, som byrja i hotellbransjen då han som 17-åring fekk jobb på Solstrand Hotel & Bad, møtte kona Liv Heidi i 1992, då dei begge studerte ved Hotellhøgskolen i Stavanger. Paret har tre born i alderen 12 til 18 år, og bur no på Fagerstrand på Nesodden.

– Liv Heidi er reiselivslærar på Drømtorp vidaregåande skule, eg driv eige firma, Sellit AS, som driv salstrening blant anna for andre hotell.

Familien har feriert i Italia fleire gongar, og har for lengst blitt forelska i omgjevnadane, kulturen, maten, vinen og folkeslaget.

– Vi har reist frå nord til sør, men mest i Toscana. Då vi i oktober reiste ned for å sjå på hotellet, slo det oss at vi aldri før har vore i Piemonte.

Piemonte er ein region nordvest i Italia, med grense til både Frankrike og Sveits, med eit vindistrikt som i 2014 kom på Unescos verdsarvliste.

– Vi gler oss veldig til å utforska dette området, seier dei ferske hotelleigarane.

Kompetente, norske drivarar

Ekteparet Bjørkhaug skal i hovudsak vera eigarar, ikkje drivarar.

– Gunvor S. Lie og Joar Monstad frå Trøndelag, som vi kjøpte oss inn hos, skal halda fram med å driva hotellet. Vi har eit veldig godt inntrykk av medeigarane våre.

Lie og Monstad fekk omtale i Adresseavisa då dei i 2006 selte det dei eigde og flytta til Italia for å kjøpa vingard. Då vingarden blei selt og dei kjøpe hotellet, blei det intervju i Steinkjeravisa.

– Vi har erfart at vertsskapen er svært kompetente driftarar. Dei har budd i Piemonte i ti år, men det er berre litt over eitt år sidan dei kjøpte hotellet. Sjølv håper vi at vi kan vera med å bidra med vår erfaring til å få Villa Bella Piemonte å blomstra ytterlegare.

Oppgraderer hotell og uteområde

Bjørkhaug ler når vi spør korleis første sesong som hotelleigar blir.

– Den foregår i USA. Vi bestilte ferien i august, vi visste naturlegvis ikkje då at vi kom til å vera hotelleigarar i Italia nokre månadar seinare.

Trass kjærleiken for Italia, og ein liten draum om å driva hotell der ein gong, var det litt tilfeldig at dei kom over annonsen på Finn.no.

– Vi sendte ein epost, då Gunvor og Joar søkte etter investor. Vi kjente dei ikkje frå før,men bestemte oss for å reisa ned då dei raskt svarte på eposten vår. Kjemien mellom oss var god og, sjølv om vi bestemte oss for å venta ei veke eller to på å bestemma oss, visste vi nok allereie i leigebilen på veg til flyplassen at «dette ville vi få til».

Om familieferien går til USA skal Liv Heidi og Terje på generalforsamling i Italia i slutten av februar. Så vil det bli mest kommunikasjon per epost med dei andre eigarane ei stund.

– I fjor sto bassenget klart, no skal uteområdet oppgraderast. Vi vil òg auka kapasiteten på hotellet ved å innreia med fleire sengeplassar i øvste etasje, som i dag står ubrukt.

– Dette blir veldig spennande og vi gler oss til å delta i planlegginga, seier Terje Bjørkhaug.

Fleire saker

bilde-midtsiden

Trur på eit rekordår

01. mars 2017

Bomobil AS ser lyst på 2017 sesongen etter fleire tunge år. Har seld 30 av 100 bilar og campingvogner allereie i år.

bilde-midtsiden

Baste Jonassen i ny klubb

01. mars 2017

Lysekloster mister kapteinen sin, Lysefjorden-guten som sidan 2011 har vore med på tre opprykk og eitt nedrykk.

bilde-midtsiden

Velfortent heider til Geir Lepsøe

01. mars 2017

Søre Neset Volleyball sin «Grand old man» Geir Lepsøe blei tysdag tildelt volleyballforbundets heidersmerke i sølv framfor 1100 tilskodarar i...

bilde-midtsiden

13.000 bilar over Lepsøybrua

01. mars 2017

Lesarinnlegg: Regjeringa har talt; Hordfast skal byggjast med bru over Bjørnefjorden, og kjem med forslag om å bruka eksisterande veg.

bilde-midtsiden

– Det blir midtre trasé

28. februar 2017

E39 Stord-Os: Regjeringa og samarbeidspartia KrF og Venstre har bestemt seg, dei held fast på midtre trasé og bru over Bjørnafjorden, men vil ha...

bilde-midtsiden

Veit du kven tjuvane kan vera?

28. februar 2017

Tjuvane som stal tobakk og snus for omlag 40 000 kroner frå Joker Søfteland 15. februar blei måndag etterlyst på TV2-programmet Åsted Norge. Har...