Lee Harris og Nicholas Forstrønen Bruarøy i midten med pokalen, saman med delar av barnegruppa i Bergen Sør Bokseklubb.

Blei kåra til årets boksar

Nicholas vann Diplomserien på Vestlandet i debutsesongen sin.

image
image
Av: Andris Hamre

Etter at 2017-sesongen nyleg er oppsummert står Nicholas Forstrønen Bruarøy som vinnar av sin klasse i Diplomserien 2017 i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

– Han var den som oppnådde høgast poengsum av alle i fjor!

– Dette er veldig kjekt for klubben og for dei mange unge boksarane våre, seier hovudtrenar Lee Harris.

– God forståing viktigare enn talent

Nicholas, som fyller 13 år i år, deltok i klassen 11-12 år i 2017, men har i fjor boksa over halvparten av kampane sine mot eldre motstandarar med større rekkevidde. Samtidig er han venstrehendt, noko som seinare i karriera kan gje han eit fortrinn.

Etter å ha trent i Os karateklubb, foreldre og barn-trening, i tre-fire år, blei det nokre år eigentrening på puter heime før han i desember 2016 byrja på boksing. Han gjekk sin første kamp i mars i fjor, i haust blei det fire nye kampar.

– Han hadde eit godt grunnlag etter å ha trent karate i fleire år. I tillegg har han veldig god forståing, han er flink til å lytta, både i trening og mellom rundane når han går kamp. Han kan gå rett ut i ringen og gjera akkurat det du nett har bedd han om, seier trenaren.

– Folk spør meg ofte om eg har nokre talent på veg opp. Talent er ikkje like viktig som evna til å lytta og forstå.

Får poeng for slag, forsvar og fotarbeid

– Diplomserien kom endeleg skikkeleg i gang på Vestlandet for to år sidan. Det å gå kampar, og måten reglane og dømminga er lagt opp, er bra for utviklinga til dei unge boksarane, synest Lee.

I Diplomboksing får du frå 1 til 5 poeng per runde i kvar av tre kategoriar; slag, fotarbeid/balanse og gard/unnviking for slag.

– Her er det ikkje mengde treff som tel, og ungane skal heller ikkje vinna kampen ved å slå hardt. Dei konkurrerer i grunnen mot seg sjølv i det å oppnå flest poeng. Det er likevel kamp, men med fokus på god teknikk og med trygge rammer for alle deltakarane. 

Har fleire unge boksarar frå Os

Harris har vore boksetrenar i 26 år, først heime i England, seinare i Bergen. No driv han Bergen Sør Bokseklubb. Her har han fire ulike grupper med boksing for barn, ungdom, vaksne og vidaregåande.

– Eg byrja med barneparti då klubben for fire år sidan flytta frå Bergen Kampsportsenter til Aktiv 365 på Paradis.

I barnepartiet har han medlemmar frå 7 til 14 år. Rundt ein tredel av boksarane som er gamle nok går òg kampar i Diplomserien. Boksarar frå 8 til 10 år kan gå Mikro-Diplom, frå fylte 11 år kan du gå diplomboksing.

Bergen Sør Bokseklubb har over 20 medlemmar på barnepartiet, 5-6 av dei er frå Os.

– Vi har også fleire osingar på ungdomspartiet, eg trur folk frå Os synest reisevegen til Paradis er passeleg kort, seier Lee.

Laurdag er han arrangør av eit stort boksestemne på Scandic Flesland Hotel, hans åttande i rekkja, dette med tittelen «The Vikings Return». Her er det eldre ungdomar og vaksne som skal i ringen.