Lokal | 24. sep. 2016

Blei tømt av tjuvar første natt

Torsdag fortalte vi om pantekonteinarane til Os Fotball, fredag var to av dei tømt for flasker.

Blei tømt av tjuvar første natt
Pantekonteinarane til Os fotball blei tømt av uvedkommande natt til fredag (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 24. sep. 2016 07:24

– Dette må vera den lågaste forma for lavmål, seier dagleg leiar Endre Brenne.

Torsdag fortalte vi om korleis Os Fotball vil «skåra på retur», med nye pantekonteinarar som kan gje inntekt til både fotballen og Os Pensjonistforening.

Fredag fekk Brenne seg ei overrasking han fint kunne klart å vera utan.

– Det var kome inn over halvfulle konteinarar første dag. Då eg midt på dagen fredag skulle sjekka om dei burde tømmast var dei allereie tømt.

Vil låsa dei inn

Konteinarane er like heile, men to av dei fire har tydelegvis vore snudd på hovudet for å få ut tomflaskene.

– Det var nok rundt 200-300 kroner i pant i kvar av dei. I denne omgang er ikkje pengane det verste, men det å oppleva at slike ting ikkje får stå i fred.

– Det er utruleg skuffande at det no blir naudsynt å låsa desse inn om nettene. Litt av poenget var jo at folk kunne koma her og donera panten sin kor tid som helst på døgnet, men no blir det frå morgon til siste kamp er over og kiosken stenger.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.