Næringsliv | 11. apr. 2018

Blei «tvungen» over på ny satsing

Torbjørn Engelsen har slutta med service for Biovac. No trappar Alti Miljøteknikk opp med varmepumper frå ny butikk.

Blei «tvungen» over på ny satsing
Martin Taranger og Torbjørn Mikal Engelsen (t.h.) på plass i nytt lokale i naust ved Os Eldresenter. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 11. apr. 2018 13:11

Bildeserie:

I naustet har dei fått både kontor, verkstad og utstilling. (Foto: KVB)
I naustet har dei fått både kontor, verkstad og utstilling. (Foto: KVB)
1 av 1
I naustet har dei fått både kontor, verkstad og utstilling. (Foto: KVB)

Torbjørn Mikal Engelsen har jobba med varmepumper i 15 år, men for Biovac nesten dobbelt så lenge, dei siste åra parallelt med selskapet Alti Miljøteknikk AS, som han eig saman med Martin Taranger.

– Vi hadde service to gongar i året for 500 Biovac-kundar. I fjor sommar mista vi dessverre denne avtalen, fortel Engelsen.

Over halve omsetnaden forsvann ut døra og selskapet har no kutta kostnadar.

– Vi har redusert frå fire til to mann og flytta frå Jordmorsvingen til Hamnevegen.

No har dei kontor, verkstad og butikklokale i eit av dei to store nausta nedst i Oselvo.

Vil laga heilårsbutikk av sesongvare

Engelsen og Taranger er nøgde med fasilitetane i Hamnevegen og spente på om dei no klarer å selja nok varmepumper og service på varmepumper til at dei begge kan halda fram i full stilling i firmaet.

Dei er forhandlar og reparatørar for Toshiba og Panasonic, pumper frå 4,5 til 9 kilowatt, med prisar frå 15.000 til 40.000. Dei siste åra har dei selt 120 varmepumper i året.

– Varmepumpesalet har gått veldig bra, og kan bli endå betre når det no går mot slutten for oljefyring. Dette skal heilt vekk innan 2020.

Til no har det nesten utelukkande vore frå september til mars at folk kjøper varmepumper.

– Tidlegare passa det veldig bra, for då brukte vi sommarhalvåret til å gjennomføra service for Biovac-kundane. No må vi trappa opp aktiviteten med varmepumper, så vi òg har god drift om sommaren.

Lågare straumforbruk og lengre levetid

Vedlikehald kan løna seg innan fleire område. Ifølgje Engelsen er det mykje å henta også på varmepumper.

– Prisen på service er veldig låg, det same er mange av prisane på delar. Ein ny motor til varmepumpa kostar gjerne berre ein tusenlapp.

– Fordelane er fleire enn det at varmepumpa lever lengre, den lager også mindre støy og den bruker mindre straum.

Torbjørn og Martin vil no retta seg både mot deira eigne rundt 1500 varmepumpekundar og dei som har kjøpt pumper andre stadar.

– Varmepumper bør ha service når dei er 2-3 år gamle. Folk er flinke med å ta bilen på service, men eg trur mange har litt å henta når det kjem til rimelegare varer, som varmepumper.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.