Sport | 26. mai 2015

– Bli med og lag folkefest

Onsdag kjem sykkelstjernene med Alexander Kristoff, Edvald Boasson Hagen og Fabian Cancellara gjennom Osbygdo. – No må vi laga folkefest, oppmodar ordføraren.

– Bli med og lag folkefest
Bli med og lag folkefest langs løypa oppmodar ordførar Terje Søviknes (foto frå fjorårets ritt: Tour des Fjords)
Andris Hamretirsdag 26. mai 2015 08:17

Sykkelsporten er i vinden som aldri før, med VM i Bergen 2017, som det store målet for dei norske utøvarane. Onsdag startar Tour des Fjords i Bergen, med ei første etappe frå Bergen til Norheimsund gjennom Os.

– Dette er den største idrettsbegivenheten på Vestlandet i år.

– Vi er heldige som får den gjennom praktiskt talt heile kommunen vår frå Lysekloster, via Ulven, Os sentrum og Hegglandsdalen.

– Onsdag er det berre å komma seg ut og vera med på å laga folkefest, oppmodar ordførar Terje Søviknes (Frp).

Norske flagg og heiarop

Ordføraren håpar osingane tar oppstilling langs løypa når syklistane kjem til bygda.

– Eg hadde håpa at starten skulle ha vore litt tidlegare, då skulle vi utfordra skulane til å stilla og delta i konkurransa arrangørane skipar til kor skulane kan vinna ein klassetur.

– Sjølv om det er arbeidstid når dei kjem, så håpar eg mange klarer å stilla likevel.

– Vi burde i allefall klare å få eit folkehav ved den innlagte spurten ved Amfi Os og i sentrum frå Best Stasjonen, om rundkøyringa og over brua mot Hatvik.

– Fram med flagg, kaffi på termos og rigg dykk til langs løypa, oppmodar Søviknes.

Stengde vegar og stor fart

I den tida rittet går gjennom bygda blir vegane stengd. Her er arrangørane sine estimerte tidspunkt for når stengingane vil skje.

Rådalskrysset – Fanafjellet – Lysekloster: 14:00 – 14:20
Lyseklostervegen (fv161) – Ulven – Os sentrum: 14:20 – 14:30
Os – Hegglandsdalsvegen (fv137) – Gulfjellet øst(fv7): 14:30 – 15:15

– Eg oppmodar osingane til å ta omsyn til syklistane.

– Dei kjem i stor fart, så hald dykk godt ute av vegbanen og parker på egna plasser i staden for på vegskuldra.

Første ritt etter skade

Det er tidanes sterkaste felt som deltek i årets utgåve av Tour des Fjords med dei norske verdsstjernene Aleksander Kristoff og Sven Erik Bystrøm på Katusha og Edvald Boasson Hagen på MTN Qhubeka i spissen. I tillegg er sveitsiske Fabian Cancellara på Tema Factory tilbake på sykkelsetet for første gong i ritt etter at han fekk eit brot i korsryggen under E3 – Harelbreke i mars.

For alle desse er turen gjennom Os ein viktig del av oppkøyringa til årets Tour des France.

– Ikkje berre får vi dei kjende verdsstjernene, men like spennande blir det å sjå rytterane på dei norske laga.

– Det kom jo ei stor overrasking under siste etappen på Tour of Norway i helga, då Andreas Vangstad frå Sparebanken Sør, knuste verdsstjernene og tok etappesigeren.

– Eg gler meg til å sjå om nokre av dei norske laga igjen kan tukta dei internasjonale stjernene, seier Søviknes på veg inn i styremøte for Sykkel-VM 2017.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.