Lokal | 26. nov. 2015

Blir beden om å ta imot fleire flyktningar

Os kommune vil ta i mot 45 flykningar i 2016, men no ber fylkesmannen om at dei tek imot 20 til.

Blir beden om å ta imot fleire flyktningar
Formannskapet skal tysdag handsame saka om kor mange flykninger Os kommune skal busette i åra som kjem (foto: AH)
Andris Hamretorsdag 26. nov. 2015 12:28

I formannskapet tysdag skal politikarane handsama spørsmålet om kor mange flykningar kommunen skal busetta dei kommande åra.

Saka frå administrasjonen baserar seg på anmodninga som kom frå fylkesmannen før sommaren, kor han ba Os kommune ta i mot 45, noko òg administrasjonen no innstiller på.

«Os kommune tek imot 45 personar med flyktningbakgrunn i 2016 og i 2017 og 40 i 2018 og 2019. Til saman 170 i perioden 2016 - 2019. Dette er i tråd med anmodninga frå Fylkesmann. Familiesameinte må vera ein del av den totale busetjinga.», heiter det i framlegget til vedtak.

Ny anmodning

Problemet er berre det, at allereie før lokalpolitikarane har rekt å handsama den førre anmodninga frå fylkesmannen, har han kome med ein ny, som følgje av den store flyktningestraumen i haust.

– Det er ei særs stor auke i talet einslege barn og unge under 18 år som skal busettast i 2016, står det i anmodninga frå fylkesmannen.

Vidare ber han Os om å auke talet til 65 flyktningar i 2016, korav 20 einslege mindreårige. For 2017 ber han om at kommunen tek imot ti til, slik at det totalt blir 75 flykningar i 2017, kor av 32 av dei er einslege mindreårige.

Bustad ei utfordring

Allereie på budsjettkonferansen i byrjinga av november fekk politikarane presentert talmateriell som synleggjer kostnadane og inntektene med eit auka mottak.

I saksutgreiinga formannskapet får seg presentert tysdag peikar administrasjonen på fleire av utfordringane auka frå dagens 15 til eit høgre tal i 2016 og 2017, mellomanna utfordringa med å skaffe nok husvære.

– Det er med eksisterande busetting (10-15 per år) knytt store utfordringar til å skaffa bustad til flyktningane. Det er få ledige kommunale bustader tilgjengelig og ein må i dag bruka mykje tid og ressursar på å finne bustader på den private utleigemarknaden. Busetting vil tvinga fram behov for å kjøpa fleire bustader som kan disponerast mellom anna av flyktningtenesta/bustadkontoret på Nav.

– I reknestykka er dette ikkje tatt omsyn til, då kapitalkostnader og FDV-kostnader må dekkast inn av husleigeinntekter. Det vil likevel gje behov for auke i investeringsbudsjettet, påpeiker administrasjonen i saksutgreiinga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.