Lokal | 28. mars 2018

Blir dagleg leiar i Nore Neset IL

Eirik André Hesthamar er tilsett som dagleg leiar i Nore Neset Idrettslag.

Blir dagleg leiar i Nore Neset IL
Eirik André Hesthamar er tilsett som ny dagleg leiar i Nore Neset IL. Her saman med blant anna styreleiar Egil Krukhaug under opning av den nye banen i fjor (foto: KVB)
Andris Hamreonsdag 28. mars 2018 07:25

Nore Neset idrettslag søkte tidlegare i vinter etter dagleg leiar. No har dei funne rett mann.

– Eirik André Hesthamar er tilsett som dagleg leiar i idrettslaget. Han tek til i stillinga 1. mai, fortel styreleiar Egil Krukhaug.

Brei erfaring

Hesthamar har lang erfaring frå drift og utvikling av idrettslag etter eit utall verv i både Os, Søre Neset, Øyglimt og Nore Neset. Han har også vore aktiv i både Jentefotballdagen og Guttehåndballdagen i Os, samt vore klubbutviklar i Norges Håndballforbund Region Vest.

– Nore Neset Idrettslag ynskjer med tilsetjinga av Hesthamar å videreutvikla idrettslaget til det beste for medlemma våre, samt styrka samarbeidet med dei andre idrettslaga i kommunen. Eit overordna mål for stillinga er å bidra til at idrettslaget kan ta i vare og utvikla eit kvalitativt og robust idrettstilbud, forenkla prosessane, og gjera administrasjonen av idrettslaget mindre personavhengig.

– Ny dagleg leiar skal fungera som ein ressursperson for leiarar, medlemmer/foresatte i idrettslaget i alle forhold i knytta til drift og utvikling av organisasjonen.

– Vi er trygg på at vi med Eirik André Hesthamar har fått ein person som kan ta Nore Neset idrettslag inn i framtida saman med alle våre flotte frivillige, avslutter Krukhaug.

– Ei spennande utfordring

Hesthamar fortel at han ikkje kunne la sjansen gå frå seg då stillinga blei lyst ut.

– Eg søkte fordi dette er noko eg brenn for. Eg meiner òg eg har ein kompetanse og ei erfaring som eg kan nytta til å vera med å vidareutvikle Nore Neset IL.

– Eg gler meg verkeleg til å bidra med det eg kan for idretten på Nore Neset spesielt og i Os generelt.

– Dette var rett og slett ei veldig veldig spennande utfordring.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.