Sport | 23. nov. 2015

Blir det derby neste år?

Os 2, Søfteland og Nore Neset rykte alle opp i år. Her er avdelingane for 2016.

Blir det derby neste år?
Os 2 rykte i år opp igjen til 4. divisjon, Søfteland og Nore Neset til 5. divisjon. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 23. nov. 2015 21:40

I 2014 kunne Søre Neset og Søfteland bryna seg på kvarandre, og øydelegga litt for opprykkssjansane, i år rykte dei (Søre Neset endra til Nore Neset) opp til 5. divisjon frå kvar si avdeling.

– Det hadde vore kjekt å møta Søfteland (kretsmeistarane) i 5. divisjon neste år, men sånn blei det dessverre ikkje, seier Nore Neset-trenar Arne Sælensminde.

– Eg ser det blir ein del reising på oss, blant anna til Halsnøy, Rosendal og Fitjar, men gutane har vore flinke å stilla på bortekampar i år og eg reknar med at motivasjonen er på topp i ny divisjon neste år.

Søfteland må reisa til Osterøy, Dale og Norheimsund.

– Reisemessig ser det likevel ut som ei grei pulje, seier trenar Raymond Pedersen.

– Sportsleg er vanskelg å seia, eg kjenner ikkje til status i så mange av desse laga.

Ferie og vidare engasjement

Sælensminde har vore i samtalar med Nore Neset-leiinga og reknar det som 99 prosent sikkert at han er trenar også neste sesong. Samtalar med spelarar har starta og det er førebels ingen teikn på at det blir store endringar i stallen.

– Etter ein sesong på ti månadar har vi no ferie, men vi skal ha ei intern innandørsturnering før jul. Oppkøyringa startar i januar, seier Arne.

Raymond seier han er innstilt på å halda fram som trenar, men at han no har ferie og førebels ikkje har vore i samtalar med styret.

– Spelarmessig trur eg òg det ser greit ut. Eg ar i alle fall ikkje fått noko signalement på at nokon skal gje seg. No har vi fri fram til eit par treningsøkter oppunder jul.

4. divisjon 2016

Os 2 rykte opp til 4. divisjon i år. Her er dei to avdelingane i Hordaland:

Avdeling 1
Askøy
Bønes
Fana 2
Follese
Fyllingsdalen 2
NHH
Nordhordland
Osterøy
Smørås
Trio
Valestrand Hjellvik
Voss

Avdeling 2
Bergen Nord
Frøya
Loddefjord
Nordre Fjell
Os 2
Sandviken
Solid
Sund
Sædalen
Telavåg
Trott
Vadmyra

5. divisjon 2016

Søfteland, Nore Neset og Eikelandsfjorden, som rykte opp då Øystese 2 mista plassen, speler i 5. divisjon i 2016.

Her er dei tre 5. divisjonsavdelingane:

Avdeling 1
Austevoll 2
Baune
Bjarg 2
Eikelandsfjorden
Galgen
Juristforeningen
Mathopen
NHH 2
Ny-Krohnborg
Nymark
Skansens
Tornado Bergen

Avdeling 2
Dale
Djerv
Eidsvåg
Fyllingsdalen 3
Hovding
Kvernbit
Lyngbø 2
Løvstakken
Nordnes
Norheimsund
Søfteland
Valestrand Hjellvik 2

Avdeling 3
Ask
Bremnes
Erdal
Fitjar
Flaktveit
Halsnøy
Laksevåg
Nore Neset
Rosendal
Smørås 2
Sotra 2
Stord 2

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.