Silja Døsen Moberg, Iselin Borge, Gunnar Nagell Dahl og Roald Mjeldstad i ferde med å planleggja det store Bjørnafjorden Måltidet (privat foto: Daniel Skotheim)

Blir ein del av UNESCO-nettverk

Bjørnafjorden Matkultur og det store Bjørnafjorden-måltidet blir ein del av eksklusivt UNESCO-nettverk.

Av: Andris Hamre

I desember 2015 blei Matbyen Bergen ein del av UNESCO sitt internasjonale nettverk for kreative byer og ein av 18 byer over heile verda som kan kalla seg «Cities of Gastronomy». No har også Bjørnafjorden Matkultur blitt innlemma i det gode selskapet.

– Arbeidet vi har starta på med Bjørnafjorden Matkultur har blitt lagt merke til og vi har blitt beden om å vera med i ei referansegruppe for Matbyen Bergen saman med andre matregionar på Vestlandet som Hardanger, Voss og Sunnhordland. I tillegg sit Fylkesmannen og Matarena som denne helga arrangerer Bergen Matfestival på Koengen i gruppa, fortel Daniel Skotheim.

Matkultur i distrikta

Skotheim set pris på å at Bjørnafjorden Matkultur har blitt med og trur det kan gje gode kontaktar og nyttig lærdom.

– Det er ein fantastisk moglegheit for vårt nettverk og å kunne knytta kontakter og erfaringar med andre aktørar. Du veit at Bergen er eit handelssentrum, det er i distriktet rundt den verkelege matkulturen og -produksjonen er.

– Gjennom nettverket skal vi gjera kvarandre gode, støtte kreative tiltak og samarbeide for å løfta fram utviklingen, produksjon og distribusjon. Gjennom beste praksis skal vi bli gode.

Fjordfe, kje og sjøkreps

Nett no er Skotheim likevel mest opptatt av førebuingane til Det store Bjørnafjorden Måltidet på Oseana 7. oktober.

– Det blir ei fantastisk marknadsføring av mat frå regionen. Det kjem til å bli eld, røyk og overraskingar med minst sju retter. På menyen står allereie vestlandsk fjordfe, kje, sjøkreps, oster av ymse slag, grønnsaker, bær og frukt, alt skapt i og rundt Bjørnafjorden. Det kjem til å bli eit gilde utan like.

– Sjølv om mykje er på planene allereie, men det er framleis ein open invitasjon til andre som vil bidra med mat og råvarer til å ta kontakt.

– Maten vil bli tilberedt av eit fantastisk kokkelag under leiing av Gunnar Nagell Dahl. Eg kan nemna Robert Storum frå Skjelbreid Poirée, Siv Bugge frå Mat frå Hjertet, Silja Døsen frå Osøyro Kolonial og Iselin Borge frå Bjørnefjorden Gjestetun. I tillegg stiller sjølvsagt Oseana sine tre kokkar, ein kokk frå Solstrand og ikkje minst ti av elevane frå kokkelinja på Fusa.

– Vi har òg med oss husfar og kokk på Haaheim Gård, Torstein Hatlevik. Han skal ikkje berre kokkelere, men også vera toastmaster for kvelden. Det er framleis plassar igjen, avsluttar Daniel Skotheim.