Kultur | 24. nov. 2017

Blir inspirert av Os

Han driv eit stort amfiteater i Italia, men må årleg til Os for å henta inspirasjon frå fjord og fjell.

Blir inspirert av Os
Usama Alnassar lar seg inspirera av Bjørnafjorden og fjella når han vitjer Os (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 24. nov. 2017 10:34

I morgon opnar skulptør og malar Usama Alnassar utstilling i Vognhallen i Os sentrum.

– Det er så inspirerande å sjå dette landskapet med fjorden og fjella. Sjå berre no, korleis du ser eit vel av grånyansar som glir frå fjorden over i skyane. Nokre tykkjer det er trist og kjedeleg, for meg er det berre vakkert, seier Alnassar og ser utover Bjørnafjorden frå utstillingslokalet i Vognhallen.

Såg lyset

Nettopp lyset er noko av det som inspirerar han mest.

– Lyset var det første eg beit meg merke i, ved siden av dei hyggelege folka, då eg kom til Os første gang i 2001. Det lange dagslyset om sommaren. Etterkvart har eg også fått oppleva det skiftande lyset på vinteren. Det er fasinerande.

Alnassar er ikkje ukjend med Os. Etter at han traff Arne Mæland i Carraca i 1999, har han vore med på skulptursymposiet som kunstnar i 2003, 2005 og 2007, men han har også sørga for å vitja bygda årleg for å halde utstillingar eller berre for å vitje gode vener og måla.

Stort studio med amfiteater

Syreren, som no er busett i nettopp Carraca i Italia starta si kunstnerlege karriere på universitetet i heimbyen Damaskus kor han tok utdanning innan maling.

– Eg dreiv både med skulptur og maling heime i Syria. Etter at eg var ferdig på universitetet hadde eg lyst å læra skulptur skikkeleg og reiste difor til Carraca, kor eg blei buande.

– Der har eg no bygd opp eit stort studio med eit Amfi-teater, sjølvsagt i marmor og med store installasjonar i marmor. Der er eg så heldig at eg stadig får besøk av osingar og andre nordmenn, som både kjem for å sjå eller vera med på konsertar og andre arrangement, eller som kjem for å vera med på nokre av kursa eg held. Det er utruleg kjekt å få vitjing frå Noreg, smilar han.

Ei verd i endring

Til utstillinga på Os har han med seg fleire mindre skulpturar og målerier.

– Det meste er nytt. Det er vel kanskje ein fem seks av desse tinga som osingane kan ha sett før. Dei nye skulpturane er laga med heilt spesiell marmor av ein uvanleg kvalitet. Eg har også med tre bronsestatuer.

– Det er mange hovuder du har med deg. Er det ein spesiell grunn til det?

– Ja, eg liker å jobba med menneskelege uttrykk i ei verd som stadig endrar seg. Den digitale utviklinga inspirerar meg, men korleis påvirkar den mennesket sin hjerne, korleis fungerar psykologien ved at vi no kan reise verda rundt berre med eit tastetrykk på mobilen. Det er noko av det eg freistar å uttrykke.

– Vi lever i ei tid som endrar seg heile tida, sjølv i løpet av den same dagen. Nokre av skulpturane eg har med endrar seg også om du snur på dei. Det kan vera to som kysser i det eine augeblikket, men som i neste avviser kvarandre. Eg hadde lyst til å laga noko av eit hardt materiale som marmor, som kunne endra seg.

– Tilbakemeldingar eg har fått, spesielt frå ektepar, er at desse var ein interessant måte å drive interaktiv kommunikasjon på. Ein kan uttrykke til den andre kva ein føler uten å seie det med ord, forklarar Alnassar og snur på ein av skulpturane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.