Lokal | 19. des. 2014

Blir julebosset henta før tida?

I juleferien er det eigne tømmedagar, nokre av dei er tidlegare enn den vekedagen du vanlegvis har. Her er oversikta over BIR sine juleplanar.

Blir julebosset henta før tida?
Hugs å setja fram spannet ditt på rett dag! (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 19. des. 2014 11:15

– Har du vanlegvis tømmedag torsdagar bør du passa på allereie søndag kveld eller måndag morgon, seier Tina Skudal frå BIR.

Torsdag neste veke er 1. juledag, og dei som skulle hatt henting av restavfall eller papir/plas denne dagen får bosset henta tre dagar før tida, altså måndag morgon.

Har du tømmedag fredagar, som neste veke er 2. juledag, kan du legga deg nedpå igjen. Dette bosset blir henta tre dagar etter vanleg tømming, altså måndag 29. desember.

Torsdag i veke 1 er 1. nyttårsdag. Dei som har henting torsdagar får henta restavfallet sitt dagen etter, fredag 2. januar. Skulle du fått henta papir/plast denne dagen kan du venta med å trilla fram spannet med blått lokk til måndag 5. januar.

Ein sekk utan mat

Julesekken frå BIR skal du setja fram saman med restavfallspannet på første tømmedag etter julaftan.

OBS! Denne er til gåvepapir og blandingsemballasje, ikkje til matavfall!

Rett på mobilen

På BIR.no får du oversikt over alle tømmedagar, også for dei som er i borettslag og har bossug.

Her kan du også lasta ned papir- og plasttømming til kalenderen på smartelefoner.

Berre stengt tre dagar

Gjenvinningsstasjonane held stengt jul- og nyttårsaftan, 1. og 2. juledag og 1. nyttårsdag.

Elles er det ope som vanleg. Stasjonar som har ope laurdagar, som BIR Kolskogen, har med andre ord ope begge laurdagane i juleferien.

Stasjonen i Samnanger har dessutan open som vanleg søndag 28. desember.

Hugs at matrestar og anna organisk avfall ikkje kan kastast som restavfall på gjenvinningsstasjonane, dette skal i restavfall-spannet ditt heime eller - aller helst - i ein kompostbinge.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.