Lokal | 07. des. 2016

Blir juleparkering

Halve grusbanen mellom kyrkja og ungdomsskulen blir juleparkering i desember.

Blir juleparkering
Halve grusbanen mellom kyrkja og ungdomsskulen blir parkering i desember (foto: google maps)
Andris Hamreonsdag 07. des. 2016 13:03

Med høg byggeaktivitet i sentrum er det enno meir mangel på parkeringsplassar enn tidlegare.

– Eg fekk eit hjartesukk direkte til meg som politikar om at det er for lite parkeringsplassar i sentrum, sjølv om det no er regulert framfor rådhuset. Går det ann å opne grusplassen no i desember, slik at alt et gode arbeidet dei gjer i sentrum for å skapa liv og handel ikkje er forgjeves, undra Tone Hepsøe (Ap) i formannskapet tysdag.

Vil bruke halve banen

Ordførar Terje Søviknes (Frp) svara at det var fleire som hadde kontakta kommunen om det sama, blant anna styreleiar i sentrumsforeninga, Daniel Skotheim.

– Vi diskuterte det på leiarmøtet måndag og konklusjonen var å sjekka ut moglegheiten for å disponera grusbanen til parkering no i desember.

– Eg har vore i kontakt med rektor ved ungdomsskulen og dei stadfestar at ei løysing kor banen blir delt i to, der den ytste delen blir til parkering og den inste delen som uteareal til elevane i skuletida er ei løysing dei kan akseptera. Då vil vi få eit betydeleg antal parkeringsplassar for dei som skal stå heile dagen.

– Vi må i tillegg avklara det med Jadakameratane, så eg har sendt ein epost til dei, men slik eg forstår så har dei stort sett innetreningar no, svara Søviknes i møtet.

Opner fredag morgon

Søviknes stadfestar onsdag at han no har fått svar frå Jadakameratane.

– Halve banen blir opna for parkering frå fredag morgon, skriv Søviknes i ein SMS til Midtsiden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.