Sport | 07. mars 2015

Blir lagkameratar

Os Fotball aksepterte i dag Åsane sitt siste bod på Lassen, som saman med osingen Leikvoll Moberg no kan sjå fram til å debutera i OBOS-ligaen.

Blir lagkameratar
Vegard og Simen har vore motstandarar med Åsane og Brann 2 dei siste åra. No speler dei for første gong saman. (Arkivfoto: Henrik Mjelva)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 07. mars 2015 20:14

I utgangspunktet såg situasjonen fastlåst ut for Simen Helland Lassen. Nyopprykka Åsane har ikkje råd til å betala utdanningskompensasjon for spelarane dei ønskjer å styrka stallen med før sesongstart i førstedivisjon. Os meiner manglande betaling undergraver breddeklubbane sitt arbeid med talentutvikling og vil ikkje gje for mykje rabatt.

Men torsdag ettermiddag sendte Åsane eit nytt tilbod på midtbanespelaren frå Os. Sportssjef Lars Bakkerud har saman med styret i Os Fotball brukt fredag og laurdag på å vurdera dette.

– Vi kjem til å akseptera tilbodet. Det har eg i dag varsla Åsane og Lassen om, seier Lars Bakkerud.

– Eit eingongstilfelle

– Var det stor forskjell på dei to tilboda?

– Ja, det var det. Men det er framleis eit godt stykke unna det vi skulle hatt.

Bakkerud meiner Os ikkje hadde fortent å bli sett på som vanskeleg om dei hadde takka nei til tilbodet.

Han vil også presisera at det ikkje vil bli liknande forhandlingar om spelarar frå Os i framtida.

– Os har drive talentutvikling i mange år, men ikkje så systematisk og omfattande som vi jobbar no. Vi tok ei totalvurderinga av tida Simen har hatt i Os og situasjonen nyopprykka Åsane er i. Dette blir eit eingongstilfelle.

– Klubbar som i framtida signerer proffkontrakt med spelarar med ungdomsbakgrunn i Os treng ikkje koma med spørsmål til oss i etterkant. NFF sine satsar er gjeldande og det einaste vi kjem til å akseptera, seier Bakkerud.

Han ønskjer samtidig Simen, Vegard og resten av Åsane lykke til i OBOS-ligaen.

To osingar på midtbanen

Simen Helland Lassen kan i dag pusta letta ut, det blir ikkje nokon Åsane-exit og dialog med andre klubbar.

– Eg er naturlegvis glad for at det gjekk i orden, seier Simen til Midtsiden laurdag ettermiddag.

I Åsane er han lagkamerat med ein annan osing og tidlegare Os-spelar, Vegard Leikvoll Moberg. Simen rakk ikkje spela med Vegard mens begge var på Os.

– Men vi har spelt saman i treningskamp med Åsane. Vi er begge midtbanespelarar og det er bra konkurranse om plassen. Men vi har spelt side om side i fleire treningskampar, både mot Sogndal, Haugesund og Fyllingsdalen, seier Simen.

Vegard ser fram til å få ein osing som sidemann i ny divisjon.

– Simen gjorde god figur frå start. Han har vore litt sjuk i vinter, men eg reknar med at vi får ein fin treningsleir saman på La Manga, seier Leikvoll Moberg.

I Spania skal Åsane spela mot førstedivisjonsklubben Djerv og mot eit lokalt lag frå tilsvarande nivå.

– Vi har fått merka tempoforskjellen frå 2. divisjon i treningskampar i vinter, men hadde blant anna ein kamp mot Haugesund der vi var best den eine omgangen, seier Vegard, spent før sesongstart.

Åsane startar serien heime mot Levanger måndag 6. april. Runden etter er det derby mot Nest-Sotra og Bjarte Haugsdal, mens Brann står for tur 7. juni.

Her er terminlista for OBOS-ligaen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.