Lokal | 23. okt. 2017

Blir obdusert i dag

Død person funnen i Banktjørn: Politiet håper på å få sikker identifisering i løpet av veka.

Blir obdusert i dag
Fredag ettermiddag rykte politi og redningsdykkarar ut Banktjørn. Der fann dei ein død person flytande i vatnet. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 23. okt. 2017 07:56

Fredag ettermiddag, klokka 16.43, fekk politiet i Os melding frå ein som hadde sett noko flyta i Banktjørn torsdag.

Politiet rykte ut saman med redningsdykkarar frå Os brannvesen, som svømte i overflata ut og henta inn det som viste seg å vera ein død person.

Meldar hadde ikkje tenkt at dette kunne vera ein person før vedkomande fredag kom på at ein mann har vore sakna i Os sidan fredag 6. oktober. Siste sikra observasjon er i Borgavegen tysdag kveld 3. oktober.

Må venta på svar

Pårørande til sakna blei varsla om funnet, men verken politiet eller familien er sikre på kven som er funnen eller kva som har skjedd.

– Den døde blir obdusert i dag. Erfaringsmessig vil det gå eit par dagar før vi får førebels obduksjonsrapport. Det er heller ikkje sikkert at denne gir oss sikker identifisering, men vi håper vi har dette i løpet av veka, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Får bistand av krimteknisk

– Er det gjort undersøkingar i terrenget rundt vatnet, i samband med etterforskinga av saka?

– Det er gjort søk i nokre av områd rundt vatnet i samband med etterlysinga av sakna, men vi har førebels ikkje gjort yttarlegare undersøkingar. Vatnet er stort og det er uvisst kvar vedkomande har hamna uti.

Kriminalteknisk bistår politiet i Os og er med på obduksjonen.

– Denne vil seia oss noko om både id og dødsårsak. Når vi får rapporten vil vi vurdera vidare kva vi gjer i etterforsingsarbeidet, seier Hadler-Olsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.