Sport | 26. nov. 2009

Blir Os-spelar

Endre Brenne (21) frå Strandebarm går frå Lillehammer til Os.

Blir Os-spelar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 26. nov. 2009 09:18

Brenne spelte to og ein halv sesong for Norheimsund før han i sommar gjekk til 2. divisjonsklubben Lillehammer. Han var eigentleg klar for Åsane i 2009, men overgangen gjekk ikkje i orden.

No er han tilbake på Vestlandet og hadde Os høgt på ønskelista då han skulle finna seg ny klubb.

- Eg kjenner dei tidlegare Norheimsund-spelarane Einar Algrøy og Halvard Enes. Kameraten min Robert Stensønes, som var assistenttrenar for Os i fjor, anbefalte meg dessutan klubben, seier Brenne til Midtsiden.no.

I sommar var han på trening med Os, og det gav meirsmak.

- Trenarane legg opp til ein spelande stil, og det har eg sans for, seier Endre (som, om du lurte, ikkje er i slekt med Odd Grenland-spelar Simen Brenne).

- Sterk i lufta
Frank Hellevik er nøgd med å få Brenne til Os.

- Endre har den siste tida spelt midtstoppar og midtbane. Vi kjem til å bruka han som forsvarsspelar, seier Os-trenaren.

- Han er sterk i lufta, god med ball og har bra kraft i det han gjer.

Brenne bur no i Strandebarm, men reknar med at han i løpet av vinteren kjem til å flytta til Bergen for å gå på skule.

Få nye spelarar
Sjølv om både Os og Os 2 rykte opp etter årets sesong seier oppmann Arne Hitland at klubben ikkje er på spelarjakt.

- Os har ei god stamme og svært lovande talentutvikling. Dei unge spelarane vi har sett blomstre i år kjem til å utvikla seg like mykje før og i løpet av neste sesong, trur Hitland.

- Vi ser berre etter eit par spelarar, typar som kan styrka laget i posisjonar vi er sårbare, i forsvar og angrep, seier Hitland.

Det er førebels uvisst om midtstoppar Einar Algrøy og spiss Tim Henrik Sperrevik held fram.

Hitland meiner Os var heldige i sesongen som gjekk, med få skadar, kort og karantenar. I 2. divisjon og med Os 2 i 3. divisjon treng dei ein større stall enn 22-23 spelarar, Os vil auka stallen til 28-30 spelarar.

Topplag for regionen
Hitland meiner at ein spelar som Brenne passar godt inn i den kulturen Os prøver å skapa på Kuventræ.

- Vi har sagt at vi vil bygga eit topplag for spelarar frå Bjørnefjordsregionen, og med oppvekst i Strandebarm trur eg Endre vil passa godt inn.

- Elles skjer det mykje positivt i dei andre klubbane i Os, Søre Neset, Lysekloster, Søfteland og Nore Neset. Det er fleire gode spelarar på desse laga, og unge talent med dei rette ambisjonane kan bli aktuell for Os.

- Har de vurdert å laga eit Os 3?

- Nei. For det første har vi ikkje spelarar til det, for det andre så er det gode tilbod i dei andre klubbane i bygda. Dei gode fotballbanane som vi har fått må brukast, alle treng ikkje spela på Kuventræ, seier Arne Hitland.

Måndag startar Os treninga igjen, etter å ha hatt ferie sidan opprykkskampen mot Austevoll 31. oktober. I neste veke startar også samtalane med spelarane, for å få oversikt over kven som er med på planane og satsinga i sesongen som kjem.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.