Sport | 11. aug. 2009

Blir Os-sponsor

Idar Vollvik og Ludo Mobil går tungt inn som sponsor for Os Turn Fotball.

Blir Os-sponsor
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 11. aug. 2009 22:15

Dialogen har i sommar gått for fullt mellom styret i Os Fotball AS og mobilgründar Idar Vollvik, og det er no klart at Ludo Mobil går inn støttespelar på 3. divisjonslaget sin veg mot Adeccoligaen.

- Osingar er eit folk med stor entusiasme, og dei er flinke til å tenkja nytt. Dei har også mål om å nå Adeccoligaen, det liker eg. Ludo er også ein utfordrar, og eg håpar vi kan veksa saman, seier Idar Vollvik til midtsiden.no.

- Dessutan var Sportsklubben Brann opptatt, legg Vollvik fleipande til.

Som kjent var det å sponsa Brann med Chess i si tid eit av fleire gode sjakktrekk av Vollvik.

Teiknar 3-årsavtale
Ludo Mobil har teikna treårsavtale med Os Turn Fotball, ein avtale som i første omgang sikrar klubben eit sekssifra beløp på konto.

- Vi får ein startsum i reine sponsorkroner, resten av avtalen er delt i trinnvise honorar for å skaffa Ludo Mobil kundar, fortel Robert Nøss frå Os Fotball AS.

Os har nytt beløp i vente når dei har sikra Ludo 100 nye kundar, og eit nytt beløp ved neste 100.

Totalt er det snakk om ein sum på 500.000 kroner.

- Etter fem veker i drift har Ludo Mobil 2000 aktive kundar. Vi har som mål å nå 30.000 kundar innan utgangen av 2009, seier Vollvik.

- Vi ser fra til å finna på mykje gøy saman med osingane, ikkje minst det å setja Ludo og Os på kartet i Fotball-Noreg.

Lettare med Ludo
For nokre år sidan fekk Frank Mjøs og ComCom merksemd i Os då han gjekk inn som sponsor for A-laget. Men denne avtalen blei ikkje særleg inntektsbringande for klubben.

- Avtalen med Ludo Mobil er betre, startbeløpet og honorara større, og abonnementet billig og truleg lettare å selja. Men det er klart at vi må gjera ein innsats også her, for å få medlemmar i klubben, Os-supportarar og andre til å velja Ludo, seier Nøss.

Førebur seg på opprykk
Sjølv om Vollvik kjem med frisk kapital til satsingsklubben er ikkje sponsorjakta over for styret i Os Fotball AS.

- Vi førebur oss på opprykk til 2. divisjon og auka kostnadar. Vi er veldig glad for at vi har fått denne avtalen med Vollvik, men har framleis eit godt stykke arbeid igjen før vi når måla for året, seier Robert Nøss.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.