Sport | 11. feb. 2011

Blir proff på Island

Selfoss styrkar laget sitt med tre frå Senegal - og ein tidlegare Os-spelar.

Blir proff på Island
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 11. feb. 2011 10:36

Endre Brenne (22) frå Strandebarm, som gjekk frå Lillehammer til Os før sesongen i fjor, signerte i går proffkontrakt på Island.

- Etter sesongen i fjor var eg litt eventyrlysten, eg ville satsa vidare på fotball, men gjerne i utlandet, fortel Endre til Midtsiden.no.

Via tidlegare fotballkontaktar hamna han først på prøvespel i ein klubb i Sverige, der han takka nei til tilbod.

- Det var trenaren i Sverige, Kenneth Storvik, som anbefalte meg å ta kontakt med Selfoss på Island.

Satsar på opprykk
Klubben Brenne no skal spela for hadde i fjor sin første sesong på det islandske toppnivået.

- Dessverre rykte dei ned igjen, men det er tydeleg at dei no satsar på nytt opprykk.

Logi Olafsen, som var landslagstrenar for Island i starten på 2000-talet, er engasjert som trenar. Assistenttrenaren har vore proff både i Viking og i ein belgisk klubb.

- Sånn nivået er no er det nok ganske likt eit topplag i 2. divisjon. Men det er skal koma tre spelarar frå Senegal, det er mogleg at dei kjem til å heva nivået ytterlegare, seier Brenne etter to veker prøvespel for klubben.

40 minutt frå Reykjavik
Brenne sin kontrakt startar 1. mars i år og varer i eitt år.

- I tillegg til å spela for klubben er eg engasjert som trenar på eit fotballakademi i Selfoss. Der skal eg undervisa eit par timar 3-4 gongar for veka. Dei ordnar plass å bu og lønna er god nok til at eg overlever i denne vesle, fine feriebyen.

Selfoss ligg rundt 40 minutt med bil aust for Reykjavik og har 6000-7000 innbyggarar.

- På treningane har eg blitt brukt rett framfor midtforsvaret i 4-2-3-1-formasjon. Det er gode treningsforhold og voldsom satsing blant både etablerte og unge spelarar i Selfoss, fotball betyr tydelegvis veldig mykje for unge islendingar.

Sesongen blir kort og intens, frå midten av mai til midten av september.

- No ser eg fram til å flytta over og ta siste innspurt i oppkjøringa, seier Endre Brenne.

Ekstern lenkje:
Er du stiv i islandsk har du kanskje nytte av denne artikkelen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.