Sport | 24. okt. 2016

Blir å rekna med i 2. divisjon

Volleyballdamene til Søre Neset beit godt frå seg i 2. divisjonsdebuten mot topplaget Viking 2.

Blir å rekna med i 2. divisjon
Spelande trenar Ingrid Tombre, i kvitt, meiner kampen viste at Søre Neset kan bita godt frå seg mot dei antatt beste laga i 2. divisjon (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 24. okt. 2016 08:36

Laurdag debuterte Volleyballdamene til Søre Neset i 2. divisjon etter det suverene opprykket frå 3. divisjon førre sesong.

Debuten gjekk borte mot Viking 2, tidlegare Nyborg, som i fjor kom på 2. plass i 2. divisjon.

– Vi startar veldig bra i første settet og bit godt frå oss. Vi leder gjennom store delar av settet og vinn det til slutt 25-21, fortel spelande trenar Ingrid Tombre.

Fekk det tøft

Også det andre settet startar Søre Neset bra, men etterkvart blir det for mykje feil i mottak og angrep slik at vertane snur det til 23-25.

– Det tredje settet startar dårleg og vi må berre innsjå at Viking 2 er eit betre lag enn oss. Dei vinn settet 25-17.

Også det fjerde, som blir det siste, settet blir for svakt av Søre Neset og Viking vinn også det med sifra 25-17.

– Eg meiner at vi etter denne kampen viser at vi kan bite frå oss mot dei antatt beste laga i 2. divisjon, fortel ei optimistisk Ingrid Tombre.

Viking 2 - Søre Neset 3-1 (21-25, 25-23, 25-17, 25-17)
Søre Neset stilte med følgjande lag: Anne-Irene Sveen Jensen, Birte Herland Vevatne, Carolin Knocke, Vibeke Ingebrigtsen, Rebekka Bjørnarøy, Marianne Borgen, Patrycja Plata, Amanda Bøe, Ingrid Tombre

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.