Sport | 23. apr. 2010

- Blir tøft som f...

Bærumstrenaren Morten Tandberg trur det blir tøft når dei laurdag, som opning av ny stadion, møter Os til seriekamp.

- Blir tøft som f...
Gjestfredag 23. apr. 2010 11:28

Begge laga fikk med seg eitt poeng i første serierunde. Bærum spelte 0–0 mot drammenslaget Frigg, medan Os klarte 2–2 mot Kjelsås, eit lag bærumstrenaren trur er betre enn på fleire år.

Ungt lag
Det blir to unge lag som møtast til dyst. Bærum har som Os satsa på å bygge opp eit godt juniorapparat og stiller med det yngste mannskapet dei har stilt med på mange år.

Samstundes har dei nokon rutinerte ringrevar i mellom anna Thomas Finstad (med Tippeligabakgrunn frå Stabæk og Strømsgodset) og Marus Bakke (som mellom anna har spelt for Brann og Molde).

- Vi satsar bevisst på eigenproduserte spelarar. Det blir gjort eit svært godt juniorarbeid i klubben, skryt hovudtrenar Morten Tandberg.

SJÅ VIDEO FRÅ OS-KJELSÅS

Vil væra eit spelande lag
- For å gje unggutane mest mogleg læring liker vi å spela fotball. Vi har eit ansvar ovanfor dei unge i utviklinga deira, og det trur vi at vi gjer best ved å vera eit spelande lag, fortel trenaren som er spent på kva han møter frå Os.

- Vi har god kontroll på austlandslaga. Dei har vi sett fleire gongar før sesongstart. Når det kjem til vestlandslaga veit vi mindre, men vi trur Os kjem til å ligga bakpå og satsa på kontringar, avsluttar Bærumstrenaren.

At Bærumstrenaren har rett i korleis kampbildet kan bli, bekreftar Os-trenar Frank Hellevik;

- Vi gler oss til kamp og trur det er ein kamp kor vi kan få bruka det vi er best på, nemlig å ligga tett og kompakt og kjøre gode overgangar når sjansane byr seg.

Timmen tilbake
Hellevik gjer berre éi endring frå laget som starta mot Kjelsås sist helg. Ut går Christian Almeland og inn kjem Tim Henrik Sperrevik.

- Vi trur Tim Henrik kan bli eit sterkare oppspelspunkt enn det Torkel vil kunne vera. Derfor går Christian ut og Torkel tek kanten, medan Tim Henrik kjem inn i midten, seier Hellevik.

Såg Bærum i førre runde
Osingen Håkon Lepsøy har sendt Midtsiden-redaksjonen ein rapport frå Bærum sin sesongstart.

- Eg såg Frigg-Bærum i 2. omgang. Bærum spelte ein slags 4-4-1-1 på bortebane mot Frigg. Kampen gjekk på kunstgras i sjenerande vind og besto av mykje kriging og fleire gule kort, fortel han.

Fremst hos Bærum spelte ein stor, sterk og ganske rask Tomas Finstad. Han hadde hjelp på topp av ein liten kvikk og teknisk kar. Men det var Frigg som var det beste laget spelemessig og burde vunne kampen.

- Bærum kom til berre éin open sjanse i 2. omgang. Men med fleire fysisk sterke spelarar var Bærum fårlege på faste situasjoner, seier Lepsøy.


Desse spelar frå start (4–3–3)
Halvard Enes
Daniel Kalstad, Endre Brenne, Per Søgnen Merai og Remi Osebakken
Vegard Leikvoll Moberg, Frode Buvik og Stian Lunde (kaptein)
Preben Borgen, Tim Henrik Sperrevik og Torkel Hjertnes

PS. Os får gleda av å vera det første laget som møter Bærum på nye Sandvika stadion. Difor blir det litt ekstra rundt kampen med ordførar og anna fintfolk. Vi kryssar fingrane for at flya går som dei skal laurdag morgon og at osingane kjem seg til kamp. Om ikkje blir det å hiva seg i ein buss og spela kampen sundag i staden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.