Lokal | 12. juni 2017

Blir truleg fjerna før St.Hans

M/S Seibuen, som har lagt ulovleg ved kaien på Halhjem i fleire månadar, blir truleg fjerna innan St.Hans.

Blir truleg fjerna før St.Hans
M/S Seibuen som i lengre tid har lagt ved Halhjem kai blir truleg fjerna før St. Hans (lesarbilete)
Andris Hamremandag 12. juni 2017 13:22

Allereie før jul måtte Os kommune ved brannvesenet lensa M/S Seibuen for å sikre at den ikkje sokk ved kai, med påfølgjande forureining i sjøen, eit arbeid som meir eller mindre har blitt ei fast rutine for brannvesenet frå veke til veke.

Båteigare har gjennom fleire brev og gjennom formelle pålegg blitt beden om å ta hand om båten, utan det har gitt resultat eller tilbakemelding frå båteigaren.

No har kommunen sendt eit endeleg vedtak med pålegg om fjerning av båten innan onsdag denne veka, men likevel kan den bli liggande ei veke til.

– Vi må følgje lovverket i saker som dette og båteigar har tre veker klagerett på pålegget etter at vi sendte det. Forhåpentlegvis kan saka få ei ende før St.Hans, fortel brannsjef Stein Gjøsund.

Grunneigar sitt ansvar

Med på å komplisere saka er òg det at det er Statens Vegvesen som er grunneigar av kaien, og i følgje lova, den som må ta kostnaden med fjerninga om ikkje båteigar gjer det sjølv.

– No har vi kome til samde med vegvesenet, og dei held på med ein plan for korleis dei skal få den fjerna. Den kan enten bli heva på land, eller slept til Hanøytangen for seinare opphøgging.

– Det kan opplevast som urettferdig for grunneigarane at dei må ta hand om annan mann sitt boss, men slik er det både på sjøen ved kaier og på land, som vi har sett døme på både ved kontrollsona på Søfteland og i Langedalen.

Lagt ut for tvangssal

Sist kommunen fatta vedtak om fjerning av båter som låg hensatt var sommaren 2015, då to båtar blei heist på land i Os hamn.

– Der var det kommunen sjølv som var grunneigar, så då måtte vi ta kostnaden i første omgang med å få dei fjerna. Den saken har no vore oppe i retten og båten blir no lagt ut til tvangssal. Os kommune har lagt inn eit bod på den for å få eigerrettane, slik at vi kan få høgd den opp, forklarar Gjøsund.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.