Kultur | 22. des. 2012

Blues-legende til Osøren

Han spelte på Woodstock i 1969, har vore kjæraste med Janis Joplin og produsert Grammy-vinnande album for Muddy Waters. I juni kjem verdas 74. beste gitarist, Johnny Winter, til Os.

Blues-legende til Osøren
Johnny Winter kjem til Os i 2013. (Foto: Erling Skjervold)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 22. des. 2012 08:07

– Dette blir vår julepresang til osingane, ei helsing frå Osøren Blues & Jazzfestival og våre sponsorar, seier festivalsjef Tore Lekve, svært nøgd med første slepp til festivalen i 2013.

Han innrømmer at bookinga av den amerikanske musikaren og produsenten Johnny Winter også er ein julepresang til seg sjølv.

– Johnny og broren Edgar har vore blant mine store favorittar sidan eg var ung, eg har fleire LP-ar av dei to og dei har blitt spelt mykje.

Winter fyller 69 år før han kjem til Os for å spela konsert i Oseana laurdag 29. juni neste år.

Lang karriere

Johnny Winter spelte inn si første plate som 15-åring (i 1959), men det var i 1968 at gjennombrotet kom, då signerte ein rekordkontrakt (600.000 dollar) med Columbia Records .

I 1969 spelte han på Woodstock, og han har også hatt konsertar med Janis Joplin, som han har hatt eit kort forhold til.

Winter har også hatt suksess som produsent, blant anna for Muddy Waters, som han produserte tre Grammy-vinnande album for på slutten av 70-talet.

Også i nyare tid har han vore aktiv, i 2003 blei han av Rolling Stones Magazine kåra til verdas 74. beste gitarist, i 2004 blei han nominert til Grammy for albumet I'm a bluesman.

Dei siste åra har han spelt på fleire festivalar i Nord-Amerika og i Europa, blant anna New Orleans Jazz & Heritage Festival, Chicago Blues Festival, Sweden Rock Festival (2009) og Skånevik Bluesfestival.

– Eg var heilt dårleg då eg ikkje kom meg av garde til Skånevik då Winert var i Noreg sist, no gler eg meg noko enormt til å oppleva han i Os.

Winters ferskaste album heiter Roots og kom i hyllene i 2011.

– Vi har stått på for å få dette til og fekk torsdag kveld stadfesta at han kjem til Osøren, seier Tore Lekve.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.