Sport | 27. juli 2017

Bo (9) fanga fisk og mus

Bo Marton Wittrup (9) frå Lysefjorden fekk ein fangst han aldri hadde drøymd om då han fiska i Mødalselva på Kvamskogen.

Bo (9) fanga fisk og mus
Bo Marton Wittrup (9) med musa han fann i magen på ørreten (privat foto: André Marton Pedersen)
Andris Hamretorsdag 27. juli 2017 12:45

Bildeserie:

Musa fann dei i magen på ørreten (privat foto: André Marton Pedersen)
Musa fann dei i magen på ørreten (privat foto: André Marton Pedersen)
1 av 1
Musa fann dei i magen på ørreten (privat foto: André Marton Pedersen)

Fredag kveld i førre veke var ni år gamle Bo Marton Wittrup på fisketur på Kvamskogen med far André Marton Pedersen og lillebror Sune (7).

I Mødalselva beit ørreten villig, men ein av dei var litt annerleis enn dei andre. Ikkje sjølve fisken, men kva den hadde spist. I magen til fisken fann nemleg Bo og pappa ei heil spissmus.

– Eg fiska i ein liten kulp der oppe. Så sa pappa at det sto ein fisk bak ein liten stein og eg kasta snøret ut dit, fortel Bo.

– Plutseleg kjente eg det nappa og eg røska til slik at den fløy i vêret og landa på land. Eg gjekk bort og tok den, før eg fiska litt til.

Blei overraska

Etter litt meir fisking fann niåringen ut at han skulle sløye fisken.

– Det var ein av dei første fiskane eg har sløyd sjølv. Plutseleg kjende eg det var noko hardt i magesekken og det var litt vanskeleg å få kniven gjennom buken, men eg klarte det.

– Då eg skar opp magesekken etterpå såg et at det var pels der. Eg trudde først det var ein liten babyfugl, men etterpå såg eg at det var ei mus.

– Kva tenkte du då?

– Eg blei litt overraska.

– Var det ikkje ekkelt å finna ei mus i magen på fisken?

– Nei, eg synest ikkje det var ekkelt i det heile tatt, fortel den friluftsglade guten.

Tatt på bambusstang

Fisken var omlag 20 cm lang, omlag 100 gram og blei tatt på bambusstang med berre eit snøre og krok i enden. I tillegg fekk dei tre ytterlegare fire fjellaure på fisketuren.

– Det er ikkje så vanskeleg å fiske med bambusstang, berre litt vanskeleg å komma ut i kulpen om det er mykje trær der, forklarar Bo.

– Det hender far må klatre litt ja, ler André Marton Pedersen i bakgrunnen.

Sjeldan fangst

Forskar ved Havforskingsinstituttet, Øystein Skaala, seier til NRK, som først omtalte saka, at det er svært sjeldan dei kjem over aure med slikt mageinnhald.

– Vi veit at ein del av laksefiskane et den maten dei får tak i. Dukkar det opp ei mus tek dei gjerne den, men då er det helst større fiskar. At ein såpass liten fisk tek ei mus er overraskande.

Håper på større fisk

Dei tre er ivrige på fiske, men har ikkje fiska Mødalselva igjen.

– Derimot var vi på fjorden i går og dro opp 22 sei og makrell. Det er ikkje berre på fjellet vi fisker, sjølv om den neste store turen går til Stavali Turisthytte på Hardangervidda Vest kor det er ørret-dagar med fiskeekspert Terje Engø 7. - 11. august. Då er håpet at vi skal ta ørret på 2-3 kilo, fortel dei to.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.