Lokal | 12. des. 2016

Bølgedemparen er på plass

I helga spegla den seg i blikkstille fjord - men no håper Os kommune på uvêr.

Bølgedemparen er på plass
Bølgedemparen, med signallys, ligg no ferdig forankra ved moloen frå Mobergsneset. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 12. des. 2016 07:59

Fredag formiddag kom bølgedemparen til Os hamn.

Der hadde Egersund Group førebudd seg med fire boltar i fjell på botnen, og liner og anker som låg klare.

Arbeidet blei fort ferdig og bølgedemparen, den første av planlagte fire, ligg no som ei forlenging av moloen frå Mobergsneset.

Mål
• Vekt: 75 tonn
• Lengde: 50 meter
• Breidde: 1,5 meter
• Djupstikk: 3,36 meter

No håper Os kommune at vinteren skal by på ein storm eller to, frå gunstig retning, sånn at det kjem fra kva effekt demparen har.

Det er festa digitalt måleutstyr på forankringslinene for å registrera kor store krefter som er i sving.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.