Lokal | 20. des. 2016

Bølgedemparen sin første test

Melder stiv kuling i tre dagar: Førebels ser bølgedemparen ut til å ha god effekt. Det ser òg ut som om dei neste bør bestillast.

Bølgedemparen sin første test
Vindstyrken er aukande opp mot kuling i styrke, og bølgedemparen viser allereie at den har effekt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 20. des. 2016 12:03

Bildeserie:

Blei forankra i førre veke. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Blei forankra i førre veke. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
I dag kom den første testen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
I dag kom den første testen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Bølgjene ser ut til å stoppa godt opp. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Bølgjene ser ut til å stoppa godt opp. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Brygga ved Os Sjøfront er skjerma. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Brygga ved Os Sjøfront er skjerma. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Når dei neste bølgedemparane kjem på plass blir også gjestebrygga skjerma. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Når dei neste bølgedemparane kjem på plass blir også gjestebrygga skjerma. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Å fylla drivstoff er heller ikkje enkelt når det bles kuling frå søraust. (Foto: KVB)
Å fylla drivstoff er heller ikkje enkelt når det bles kuling frå søraust. (Foto: KVB)
1 av 6

For ei veke sidan blei den første av planlagte fire bølgedemparar forankra utanfor Os hamn.

I dag kom dei første bølgene som er store nok til at vi kan få ein indikasjon på effekten.

Yr melder 10-13 m/s i dag, Storm melder 7-9 m/s. Natt til onsdag skal vindstyrken koma opp i 15 m/s og det er venta tilsvarande vindstyrke fram til og med fredag formiddag.

Vinden og bølgjene kjem frå sør-søraust, retningen som gjev mest uroleg sjø inne ved gjestebrygga.

Bølgedemparen ser ut til å ha god effekt, men den første demparen ligg plassert sånn at det ikkje er denne delen av hamna den skjermar.

– Viktig at det kjem fleire bølgedemparar

– Eg bur på Os Sjøfront og synest prosjektet er veldig spennande. Det er kjekt å sitja å følgja med, spesielt no når vinden tiltar, seier Jahn Helle til Midtsiden då vi i dag var på moloen for å fotografera.

– Den tar bølgjene godt, spesielt dei som no ville slått inn mot brygga utanfor bustadane våre. Men det er viktig at det ikkje blir med denne eine, synest Helle, ein av dei nærmaste naboane til moloen og bølgedemparen.

Mens bølgedemparen tar den delen av bølgjene som har retning Os Sjøfront og gamlemoloen utanfor Os kai, er det framleis full opning inn mot Peppes Pizza, Esso og gjestebrygga.

– Vi får tru og håpa at denne fungerer gjennom vinteren og at dei neste tre blir bestilt snarast råd. Vi får òg håpa at ikkje Søviknes i regjering betyr at dette prosjektet stoppar opp, seier Helle om ordføraren som i ettermiddag kan bli ny statsråd.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.