Lokal | 13. juli 2016

Bølgedemping av Os hamn eitt steg vidare

Rapporten frå testbassenget i Spania var positiv. I går blei andre anbodsrunde avslutta.

Bølgedemping av Os hamn eitt steg vidare
Os hamn under Osfest i fjor. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 13. juli 2016 09:55

Bildeserie:

Sånn ser den prosjekterte bølgedemparane ut. (Akvasafe AS)
Sånn ser den prosjekterte bølgedemparane ut. (Akvasafe AS)
Denne 1:7,5 modellen blei sendt til Spania for testing.  (Akvasafe AS)
Denne 1:7,5 modellen blei sendt til Spania for testing. (Akvasafe AS)
I det store bassenget i Santander ser modellen liten ut.  (Akvasafe AS)
I det store bassenget i Santander ser modellen liten ut. (Akvasafe AS)
Kvar av dei fire 50 meter lange demparane skal ha 12 forankringspunkt.  (Akvasafe AS)
Kvar av dei fire 50 meter lange demparane skal ha 12 forankringspunkt. (Akvasafe AS)
Djupneforhold i Os hamn. (Akvasafe AS/Fiskeri)
Djupneforhold i Os hamn. (Akvasafe AS/Fiskeri)
Prosjektleiar i Os kommune, Tor Inge Døsen. (Arkivfoto: Kjetil Bruarøy)
Prosjektleiar i Os kommune, Tor Inge Døsen. (Arkivfoto: Kjetil Bruarøy)
1 av 6
Sånn ser den prosjekterte bølgedemparane ut. (Akvasafe AS)
Denne 1:7,5 modellen blei sendt til Spania for testing.  (Akvasafe AS)
I det store bassenget i Santander ser modellen liten ut.  (Akvasafe AS)
Kvar av dei fire 50 meter lange demparane skal ha 12 forankringspunkt.  (Akvasafe AS)
Djupneforhold i Os hamn. (Akvasafe AS/Fiskeri)
Prosjektleiar i Os kommune, Tor Inge Døsen. (Arkivfoto: Kjetil Bruarøy)

Førre forsøk på å temma Os hamn gav noko skjerming av den nye hamna ved Os Sjøfront, lite og ingenting i gjesebryggene ved Esso og Vindu mot Fjorden, og dei ti bølgedemparane vippa frå kvarandre og blei fjerna etter cirka eit år.

Os kommune har sett verdien av å skjerma hamna betre, blant anna for å gjera Os meir attraktiv for båtturistar, og løyvde 21 millionar kroner til skjerming av hamna (og bygging av bubilplass på Steinneset).

Sjå video av dramaet i Os hamn under Osfest 2015.

I vår låg det an til bestilling av den første av planlagte fire bølgedemparar, men så sa Os kommune nei til dei første to tilboda.

– Tilboda som kom inn var mangelfulle og prisen var for høg. Vi har køyrd ein ny retta anbodsrunde mot tre utvalde firma og fristen gjekk ut i går, seier ordførar Terje Søviknes.

– To av tre tilbod har kome inn. Det tredje er stadfesta sendt og er venta inn dørene i dag. Eg har ikkje sett på nokre av dei, eg vil opna desse konvoluttane samtidig, seier prosjektleiar Tor Inge Døsen i Os kommune.

Søviknes og Døsen håper at minst éin av tilbydarane, som alle er utanlandske, treff på prisen. I så fall kan det framleis bli utlegging av første bølgedempar allereie til hausten som først planlagt.

4 x 50 meter

Dei prosjekterte bølgedemparane er i stål og det skal leggast ut fire stykker.

Kvar av bølgedemparane er:
• 50 meter lange
• 1,5 meter brei
• Stikk 3,36 meter djupt
• Veg 75 tonn

I introduksjonen i rapporten frå Akvasafe AS står det dette om valet av bølgedempar i stål.

Utviklingen av en ukonvensjonell bølgedemper av Akvasafe AS ble motivert ut ifra følgende punkter:
a. Dokumentert designutvikling med tanke på å garantere en egnet bølgereduksjon og et pålitelig strukturelt design som er i stand til å tåle rådende miljølaster i Os havn.
b. Reduserte dimensjoner i forhold til klassiske bølgedempere av betong med tanke på å redusere det visuelle inntrykket av utstyret.
c. Begrensede produksjonskostnader som ligger innenfor de budsjetterte rammene gitt av Os kommune.

Flytende bølgedempere er et godt alternativ til moloer grunnet redusert innvirkning på miljøet, mulighet for flytting og lavere kostnad. Likevel har de viktige begrensninger:
a. Primært effektive mot korte, vindgenererte bølger.
b. Krever regelmessig vedlikehold.
c. Krever rett dimensjonert fortøyning.

Sendte modell-dempar til Spania

Av tidlegare arbeid har Multiconsult AS (Stordal & Borge, 2012) og Akvasafe AS (Thomassen, 2015) studert flytande bølgedemparar med ulike dimensjonar og køyrd analysar ved hjelp av programmet SWAN.

Sjølv om dette er eit stabilt og gjennomprøvd verktøy ser Akvasafe enkelte begrensingar i verktøyet, den viktigaste er at det ser bølgene som ein vegg (mens det meste av bølgeenerigien ligg under vasskorpa), noko som igjen kan føra til overestimering av effekten av bølgedempinga.

Det blei i vinter laga ein modell skalert i forholdet 1:7,5.

Denne blei i februar blei sendt til Cantabria Coastal and Ocean Basin (CCOB) i Santander, Spania.

Test-tanken er ein del av Environmental Hydraulics Institute «IH Cantabria» og del av Scientific Infrastructure – Singular Centres-programmet til det spanske departementet for vitenskap og innovasjon.

Grundig test med gode resultat

Det blei køyrd ei rekkje testar på både demping av ulike bølgjer og på forankring.Modellen som var sendt til Spania var forankra på same måte som tenkt for fullskalademparane som skal ut i hamna (med 12 fortøyningsliner og doble haneføtter av kjetting).

I rapporten (Midtsiden har lest den forenkla rapporten på 66 sider) skriv Akvasafe blant anna dette:

Det konkluderes med at den aktuelle flytende bølgedemperen av stål er en gjennomførbar løsning for effektivt å beskytte Os havn mot bølger med perioder på inntil 3 sekunder. Noe beskyttelse ivaretas også mot innkommende bølger med lengre perioder.

Stabiliteten og fortøyningsresultatene er tilfredsstillende da strukturen ikke kantrer. De maksimale fortøyningskreftene og det maksimal målte trykket under skalering viste tilfredsstillende spenninger og deformasjoner i skalamodellen. Derfor regnes det i tillegg som gjennomførbart å bygge en flytende bølgedemper av stål som er i stand til å motstå de mest ekstreme 50-årsmiljøtilstandnee funnet i Os havn basert på tilgjengelig informasjon.

Tilkomst til industrikaien

Sveholmen Shipping, som kvar veke leverer 160.000 tonn (!) sand til Brødrene Borgen Ferdigbetong via Os kai, viser skepsis til den planlagte skjerminga av hamna.

– Planane om bøljebrytarar er ikkje akkurat positivt for skipstrafikken. Det kan fort bli problematisk å koma til om ein skal køyra slalom inn til hamna, sa Jan Erik Einarsen i Sveholmen Shipping til Midtsiden i mars.

Søviknes svarte at han vil invitera Borgen og andre næringsdrivande på møte der dei kan diskutera problemstillinga.

– Vi har fått forsikring frå våre rådgjevarar at dette ikkje skal vera noko problem, men før oppankring vil vi ta opp dialogen med Borgen sin leverandør og andre industri-brukarar av hamna og kaien, seier ordføraren.

Kan bygga fleire båtplassar i eit trinn to

Os kommune tar rekninga med skjerminga av hamna åleine, men kan tena inn igjen nokre av plassane.

– Når vi har fått bølgedemparane på plass og sett korleis dei fungerer kan det gje rom for utlegg av fleire bryggeanlegg.

– Her ser vi for oss både gjesteplassar og båtplassar til utleige, noko som kan gje inntekt etter investeringa er gjort.

– Då eg var på Tysnesfest i helga og såg kva yrande liv det er grunnlag for i ei godt skjerma båthamn så fekk det meg til å sjå endå meir fram til å få det lunare i Os hamn. Det er ikkje festival kvar einaste helg, men ei god båthamn kan bety mykje for mange, både gjestar og næringslivet i Os.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.