Bjørn Åge «Bønni» Olsen fekk løyve etter underskriftskampanje. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

«Bønnien» gir seg etter 32 år bak rattet

– Den snillaste og mest morosame mannen vi har hatt i drosjehytta, seier kollega sidan start, Kjell Ole Sperrevik.

image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Den populære drosjesjåføren Bjørn Åge «Bønni» Olsen, som fyller 55 år i mai, gir seg som drosjesjåfør etter 32 år i teneste.

R-117 har levert inn løyvet og selt bilen.

Alt frå Gro Harlem som statsminister til ranarar (!), feststemte, hjelpetrengande, fødande og døyande har sete på med Bønni. 

Vi var med då han feira, mimra og takka for seg i bua til Os Taxi onsdag.

«Takk for turen!»

– Eg går ikkje av med pensjon nett enno. Eg har slite litt med vonde ledd sidan eg gjekk på vidaregåande, og no har det blitt så gale at eg rett og slett ikkje har helse til å køyra lenger, seier Bønni til Midtsiden.

«Slutter av etter 32 år i Os taxi. Takk til alle kunder, sure og blide...levende og døde... Takk til de flinke reservesjåførene mine , og sist, men ikke minst, gode kollegaer (med og uten hår)» publiserte han på Facebook 28. februar.

Då leverte han inn løyvet og no er mercedesen selt til ein privatperson. Helsinga hausta over 500 reaksjonar og nesten hundre kommentarar.

– Det er kona som meinte eg burda legga det ut. Eg har ikkje greie på Facebook, er nesten aldri logga på, men eg har lest kommentarane, det er jo veldig smigrande.

Fekk løyve etter underskriftskampanje

Olsen nærma seg 23 år då han i februar 1985 byrja å køyra drosje på kveldar og i helger. I utgangspunktet var han bilmekaniker hos Vestbil i Lepsøyvegen (der Os Lakk og Karosseri i dag ligg). Så blei det litt buss og mest taxi.

– Eg er glad i å prata med folk og eg er glad i bilar. Som drosjesjåfør fekk eg køyra fine bilar samtidig som det blei mange fine samtalar.

Først køyrde han for Rainer Mailer, to år seinare på fulltid for Olav Hagevik, på «bestyrerordning på løyve». Bønni skulle få overta løyvet, så han kjøpte seg hus og eigen drosjebil i 1988, ein kvit og grå Nissan Laurel med 2,8 liter motor, og tok opp huslån. 

Så kom ei regelendring; det ledige løyvet skulle delast ut etter ansiennitet, og sjøførar utanfor Os var med i kampen om plassen.

– Eg veit ikkje om tilsvarande har skjedd andre plassar, men i Os var Bønnien allereie så populær, og regelendringa blei opplevd som så urettvis, at det blei ein underskriftskampanje, fortel kollega Christian Sande. 

Over 2000 signerte på kampanjen, i ei tid då Os kommune nettopp passert 12.000 innbyggarar. Inger Johanne Bøyum og kollega Kjell Ole Sperrevik var med på å starta kampanjen, som på eit vis hadde effekt. 

Han som var innstilt som overtakar trekte seg og Olsen fekk løyvet. Han som trekte seg søkte seinare, og blei kollega med Olsen og dei andre i bua på Os.

– Ekstra god med dei som har det vanskeleg

Kjell Ole starta som drosjesjåfør litt før Bønni, og dei to har jobba svært mykje saman.

– Om eg skal skildra Bønni med få ord så er han snill og han behandlar alle likt, anten du er Kong Salomo eller ein hattemaker, seier Kjell Ole. 

«I mine auge fortener alle ein sjanse. Enkelte kan vera spesielle, men det er oftast ein grunn til at dei er som dei er. Men dei må oppføra seg, det ventar eg av folk, uansett kven dei er» seier Olsen.

– Han har sunge ut kva han syntest om finanspolitikk og bustadrenta til Gro Harlem Brundtland, då ho var statsminister og passasjer - og han har blitt kjent med folk som har det vanskeleg, og til og med invitert dei heim til seg og familien på middag i romjula meir enn éin gong, fortel Sperrevik.

Ufrivillig ransbilsjåfør

Om han har vore like god med alle var det neppe med vilje at han blei ransbilsjåfør.

– Eg måtte jo i avhøyr etter den episoden der, seier Bønni etter at Christian Sande hadde gravd litt i hukommelsen.

– Passasjerane sa dei skulle frå Os til Bergen, men at dei måtte innom ein leilegheit på Nesttun. Eg sette dei av og venta i bilen. Brått hagla det med politibilar rundt meg. Det viste seg at dei hadde storma inn og rana ein butikk, men dei blei tatt inne i lokalet.

Såg to sko - var full ung mann

Etterkvart som praten gjekk i drosjebua onsdag dukka det opp ein serie med historiar den erfarne drosjesjåføren har vore med på. 

– Han redda jo livet til ein ung mann, men fekk rikeleg med kjeft, mimrast éin av kollegaene.

Olsen kom køyrande og la tilfeldigvis merke til to sko som stakk opp av ei grøft. Der låg ein ung, full mann og søv. Bønni fekk han på beina og inn i bilen. Han kjente adressa, køyrde han heim og banka på døra til foreldra. 

Dei var ikkje like blide. Drosjesjåførane var utan uniform på den tida, og faren trudde at dei to hadde vore på fest i lag, at Bønni hadde sjenka ungdomen full.

Favoritt-passasjerane

Det er ikkje berre pensjonistar på dagtid og feststemte på nattestid som er passasjerar i drosjane.

Det har vore alvorlege stunder, passasjerar som har omkome i bilen til Bønni, kvinner som har blitt henta etter å ha blitt mishandla - og ei høggravid som grunna vegarbeid på Vallaheima var 15 minutt frå å føda i bilen.

– Vi i drosjebua har vakt døgnet rundt og får med oss livet i Os på godt og vondt. Men eg har aldri grua meg til å gå på jobb, eg er takksam for det gode miljøet, dei fine kollegaene mine og alle dei fantastiske passasjerane vi har køyrd.

– Og eg må få seia at det er éi gruppe innbyggarar eg har som favoritt; ungdom frå Øyane. Der er det aldri diskusjon om pris eller betaling, snarare tvert imot. Dei er av og til så rause med tips at eg til og med har ringt søndagen for å be om å få betala tilbake noko av det. «Har eg gitt tips så har eg meint da!» var svaret eg fekk. 

– I Øyane hadde dei ein tradisjon som eg trur er vekke no, der dei i romjula skulle ta taxi uansett kvar på øya dei skulle. Vi hadde bilar gåande heile natta mellom husa, fleire av turane var gjerne berre 50 til 200 meter, seier Bønni og ler.

I timesvis med juletre på taket

Å levera inn drosjeløyvet og selja bilen har ikkje vore fullt så vemodig som Bønni skulle trudd.

– Det er ei stund sidan eg trappa ned og eg har nesten ikkje køyrd det siste året. Men eg har vore innom drosjebua nesten kvar dag.

Os Taxi går no frå 16 til 15 løyve. Fylkeskommunen ventar med å lysa løyvet ut igjen. Sjølve skiltet til R-117 er ikkje levert inn, men gjeve til ei anna solstråle i Os.

– Erling Mortensen er ein skikkeleg humørspreiar, og han har i periodar hjelpt oss mykje her på sentralen, og vore med på fleire julebord. Nokre år var han fast på rydding i drosjane, og han er dessutan veldig glad i bilar, seier Bønni.

No heng R-117 på kjøleskapet til Erlingen. Taklampen frå drosjen til Bønni skal på kommoden. 

Bønni er glad for yrkesvalet og seier han ikkje kunne hatt ein jobb han ville trivst betre i.

– Det har naturlegvis hatt sine ulemper òg. Vi har det ofte mest travelt når andre har fri, det å køyra på julaftan når familien sit heime og ventar har ikkje vore noko særleg.

– Vi plar alltid pynta juletreet på veslejulaftan. Eitt år hadde eg ambisjonar om å svinga heimom med eit tre i løpet av vakta, men det blei så travelt at eg køyrde rundt med juletre på taket av drosjen heile kvelden, treet kom ikkje i hus før midnatt, fortel Bjørn Åge «Bønni» Olsen.

Fleire saker

bilde-midtsiden

Nesten vellykka pågriping

22. september 2017

Midtsiden var med heimevernet då ei gruppe «uønskt personell» skulle arresterast.

bilde-midtsiden

Hadde motorsag med på scenen

22. september 2017

Det blei blodig då dei spelte i Bergen på 90-talet. I morgon går Bastard Son Of Buddha på scenen hos Hanne’s.

bilde-midtsiden

Vi hevder oss bra

21. september 2017

Leserbidrag: Rosjef Eirik Vevatne oppsummerer Ungdomsmesterskap og Ulvenregatta.

bilde-midtsiden

– Ikkje rart barn mobbar

21. september 2017

– Når ein ser korleis vaksne oppfører seg i kommentarfelta, seier Gisle Hesjedal (Ap).

bilde-midtsiden

Pleiepengar til fleire

21. september 2017

Frå 1. oktober får ordninga med pleiepengar ei betydeleg utviding.