Kultur | 11. des. 2017

Bonus med Fonos

Fylte Oseana med glede, energi og julesong med litt krutt i.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 11. des. 2017 17:36

Bildeserie:

1 av 9

Etter to år i Os kyrkje var Fonos i år tilbake i Oseana, der dei tidlegare har selt ut julekonsertane to år på rad.

Også i år blei det utseld og ekstranummer, der også framsyning nummer to var nærmast utseld.

– Tidlegare år har vi hatt ekstranummer ein annan dag. Å køyra to på rad er vi ikkje vant med, men vi stilte til ekstranummer med like mykje eneergi, og eg synest kanskje at ekstraframsyninga blei våre beste, seier dirigent Stine Kobbeltvedt.

Oseana var rigga med skrått amfi til koret og vinterbilde frå Os rullande på storskjerm, ramma inn av fem (!) pynta juletre ulike stadar på scenen.

Med 19 låtar, inkludert prelude, prolude og ekstranummer, og 14 solistar utanom songgruppene, blei det ein fyldig julekonsert med god variasjon mellom norsk, engelsk, gamalt og nytt.

Fleire kormedlemmar stilte som solist for første gong, som Lisa Nøttseter med «I denne søte juletid» og Kristina Sørås Storebø med «Klokkene kallar».

– Ingen i koret hadde høyrd om denne Ingebjørg Bratland-låta då eg introduserte dei for den, men dei fekk den veldig godt til, synest dirigenten.

Sprita opp jula

Det mest spennande var kanskje korleis nokre av låtane var arrangert, den harmoniske preluden (og proluden, etterfølgd av eit sprudlande ekstranummer), klappe-introen på første låt «Go tell» og opp tempo-varianten av «Et barn ble født i Betlehem».

– Vi har arrangert det meste sjølv. Varianten av «Et barn ble født i Betlehem» er inspirert av søstrene i duoen Garness. Vi trengte nokon på mandolin, og Solfrid (Forstrønen) tar sånne ting på strak arm. «Då får eg berre læra meg å spela mandolin før konserten», sa ho.

Kobbeltvedt og ler nøgd og stolt over multikunstnaren i koret.

Eventuell nervøsitet skjult av glede

Ein bonus med Fonos, ein av suksessfaktorane til bestseljaren, er humøret og utstrålinga. Det er tydeleg at kvar enkelt stortrivst på scenen gjennom heile konserten!

At dei har med seg eit band beståande av Arne Hernes (bass), Knut Vidar Garlid (tangentar), Ken Williams (trommer), Steinar «Lighsand» Lyssand (gitar) og Hallvard Lyssand (trompet) er heller ingen bakdel.

I videoruta over ser du 10 minutt av konserten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.