Lokal | 28. des. 2017

Borgafjell barneskule?

Kva skal den nye skulen aust om elva heite? No ber kommunen språkrådet om råd.

Borgafjell barneskule?
På Valle under foten av Borgafjell kjem den nye skulen aust om elva. No ber kommunen språkrådet seie kva dei tenkjer om namn på skulen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 28. des. 2017 09:59

I eit brev kommunen sendte til språkrådet like før jul kjem det fram at det er fleire namn som har vore aktuelle for den nye skulen kommunen skal bygge aust om elva.

– Ifølgje matrikkelen er stadnamnet Valle. Valla er og brukt. Dialekt Vadla Det er området på begge sider av Hegglandsdalsvegen. I kartet nyttast og "Hjella". Boligfeltet mot Borgafjell heiter Hjelle. Tomta ligg ved foten av Borgafjell. Den private barnehagen «Borgafjell barnehage», er næraste nabo. Tomta ligg ved inngangen til Hegglandsdalen. Dei fleste på Os vil likevel ikkje kalle dette området for Hegglandsdalen, heiter det innleiingsvis i brevet.

Fire aktuelle namn

Styringsgruppa for oppfølging av skulebruksplanen har vurdert fire ulike framlegg til namn på den nye barneskulen og har landa på Borgafjell barneskule. Det er dette namnet dei no ønskjer å høyre kva språkrådet tenkjer om.

Dei fire alternativa som i følgje brevet har vore vurdert er:

  • Valle barneskule: Skulen ligg på tomta med dette namnet. Dette er brukt i Valle kommune Setesdalen og i Skodje kommune i Møre og Romsdal
  • Hjelle barneskule el. Hjella barneskule: Namnet kan kjennest naturleg for ein skule i dette området med nærleik til Hjelle. "Hjelle skule" alt er skulenamn i Stryn kommune.
  • Borgafjell barneskule: Skulen ligg like ved Borgafjell. Den private barnehagen på nabotomta tok namnet Borgafjell barnehage for nokre år sida når den opna. Borgafjell barneskule kan ha mange kvalitetar. Borgafjellet er "næraste nabo.
  • Hegglandsdalen barneskule: Den noverande skulen ligg nokre km. inn i Hegglandsdalen og heiter Hegglandsdalen barneskule. Elevane blir flytta ut til den nye skulen når denne står ferdig.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.