Borgen redda Lysekloster
Øystese utlikna med éin mann mindre, men to frispark av Preben Borgen gjorde susen for Lysekloster. Også Os vann serieopninga.
Det blei ei dramatisk serieopning for Lysekloster då dei tok imot Øystese i dag.
Øystese tok leiinga på straffe, Lysekloster utlikna etter utvising (av Erlend Grønner på Øystese) og tok leiinga tidleg i 2. omgang.
Men Øystese overtok og utlikna på frispark før Lysekloster i 85. minutt tok leiinga igjen.
Lysekloster - Øystese 4-2 (1-1)
Målskårarar, Lysekloster: Preben Borgen 2, Preben Skorpen og Lars Henrik Skage.
Også Os vann i serieopninga. Os spelte borte mot Varegg og tok tidleg leiinga på frispark av Erik Kanestrøm.
Varegg - Os 1-2 (1-2)
Målskårarar, Os: Erik Kanestrøm og Roar Vestbø
Varegg utlikna, men Roar Vestbø gav Os leiinga 2-1 før pause. 2-1 sto seg kampen ut.
Midtsiden kjem tilbake med meir om kampane og video av tre av skåringane i Lysefjorden.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.