Fotball | 07. aug. 2014

Borgen vs Borgen

Lysekloster - Os blir ein knalltøff fetter-duell. Sjå kva Preben og Børge Borgen trur blir utfallet.

Borgen vs Borgen
Fetterane Preben (for Lysekloster) og Børge (for Os) Borgen møtast til duell i lokaloppgjeret søndag (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretorsdag 07. aug. 2014 13:35

Søndag er det duka for lokaloppgjer i 3. divisjon når Lysekloster tek imot Os heime på Lysefjorden idrettspark. Då dei to laga møttest i 2. serierunde på Kuventræ enda oppgjeret 3-3 etter at Lysekloster tok leiinga, før Os tok over og leia 3-1 fram til slutten av kampen kor Lysekloster skåra to raske mål og berga eitt poeng.

Sjå video frå kampen her

Etter at Lysekloster sin toppskårar Kim Kleivedalen har gitt seg grunna ny jobb, opnar dette for at vi kan få ein skikkeleg fetter-duell i sundagens oppgjer, med Preben Borgen på topp for Lysekloster mot midtstoppar Børge Borgen i Os sitt midtforsvar.

– Det blir gøy det. Ekstra gøy er det å møta nokon du kjenner såpass godt, seier Preben.

– Ja, det blir det. Du får eit ekstra gir når det er kjentfolk og familie du skal møta, supplerer Børge.

– Men samstundes, han er berre ein vanleg spiss.

– Det kjem til å bli ein vanskeleg kamp uansett, men det er klart det er ein fordel å kjenna forsvararen sine sterke og svake sider, meiner spiss-Borgen.

Jamne familieoppgjer

På spørsmål om kven av dei som plar komme vinnande ut av familieduellane trekk dei begge på det.

– Neeei, eg veit ikkje, eg har kanskje eit lite overtak, seier eldstemann Preben.

– Det har vel stor sett enda fifty - fifty og vore ganske jamt, meiner to år yngre Børge.

Typisk norsk forsvarar

Slik skildrar Preben Børge sine styrker på fotballbanen.

– Børge er ein typisk norsk midtstoppar. Stor, god i duellane og rask.

Sjølv om Børge er yngre enn fetter Preben, er han vesentleg høgre. Børge ragar 197 centimenter over grasmatta, medan Preben er omlag 180 centimeter høg.

God skotfot

Børge si analyse av Preben er klar.

– Han er ein teknisk god spelar med ein god skotfot, kvikk og vanskeleg å få tak på, men på søndag skal eg klara det.

– Kva blir resultatet då?

– 3-1 til Lysekloster, kjem det kontant frå Preben.

– Det skjer ikkje. Os vinn knepent 2-1, svarer Børge.

Kven av dei som får rett. Ja, det får du sjå på søndag. Før kampen skil det berre eitt poeng mellom dei to laga. Os ligg på 3. plass med 26 poeng, Lysekloster hakk i hel på 4. plass og 25 poeng.

Sjå tabellen her

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.