Lokal | 10. juli 2017

Bosset flyt (igjen)

Både på Nore Neset og i Langedalen har nokon teke den enkle løysinga då dei skulle kvitta seg med boss.

Bosset flyt (igjen)
Bosset flyt ved snuplassen på Skeisflaten (lesarbilete, tips@midtsiden.no)
Andris Hamremandag 10. juli 2017 10:31

Bildeserie:

Boss som er kasta på Skeieflaten (lesarfoto)
Boss som er kasta på Skeieflaten (lesarfoto)
I Langedalen har nokon kvitta seg med 8-9 sekkar boss (foto: AH)
I Langedalen har nokon kvitta seg med 8-9 sekkar boss (foto: AH)
Litt plastsøppel ligg ved Kontrollsona på Søfteland også (foto: AH)
Litt plastsøppel ligg ved Kontrollsona på Søfteland også (foto: AH)
1 av 3
Boss som er kasta på Skeieflaten (lesarfoto)
I Langedalen har nokon kvitta seg med 8-9 sekkar boss (foto: AH)
Litt plastsøppel ligg ved Kontrollsona på Søfteland også (foto: AH)

Midtsiden har i helga fått fleire tips om boss som flyt i naturen ulike stader i kommunen.

I Langedalen har nokon kasta frå seg 8-9 sekkar med boss ved ein av møteplassane på den trange vegen frå Søfteland til Åsen.

På Nore Neset, mellom Hagavik Heimebakeri og Nore Neset skule er det nokon som har tømt bilen for diverse boss.

– Der ligg det to koffertar med allslags papir og klær ved den snuplassen som er for bussar langs Skeisflaten, fortel tipsaren til Midtsiden.

Blant bosset er det fleire konvoluttar og liknande som kan vera med i identifisera eigaren. Forsøplinga skal etter det Midtsiden forstår vera politianmeldt.

Grunneigar får ansvaret

Diverre er det slik at om ein ikkje lukkast i å identifisera den som har dumpa bosset, så blir det grunneigaren sitt problem.

Brannsjef Stein Gjøsund har tidlegare fortalt at det er grunneigar som har ansvaret. Kommunen følgjer prinsippet om at grunneigar må rydda, sjølv om det ikkje er denne som har forsøpla.

– Det er grunneigar som må få bosset fjerna. Om det er kommunen som er grunneigar, så må vi, på same måte som andre, sørgje for å få det fjerna. Det er ulempen med å vera grunneigar, sa Gjøsund då vi omtalte tilsvarande problem i fjor haust.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.