Lokal | 28. okt. 2014

To bøtter gull

Budsjett 2015: Overskot, styrking av drift og fleire investeringar – rådmann Knut Terje Rekve med historisk godt budsjett for 2015.

To bøtter gull
Rådmann Knut Terje Rekve kunne glisa breitt då han presenterte budsjettframlegget for 2015 (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 28. okt. 2014 20:55

Tradisjonen tru la rådmannen fram sitt forslag til korleis kommunen skal nytta sine midlar for komande år på kommunestyret sitt oktobermøte. Det blei eit historisk godt budsjett han kunne presentera.

– Dobbel regnboge over Os gir to bøtter med gull, opna rådmannen presentasjonen med.

Han la fram eit budsjett med ei auke i nettodriftsramme på 8,5 prosent.

– Det ligg inne ein betydeleg pengesum til styrking av tenestene.

– Vi har òg budsjettert med budsjettoverskot i heile økonomiperioden, fortalte ein smilande Knut Terje Rekve.

Nær ein milliard i drift

Brutto driftsramme for 2015 er på 1.167.405.000 kroner og ei netto driftsramme til fordeling på 922.182.000 kroner.

– Budsjettert resultatgrad er i 2015 på 2,27 prosent med 194,0 millionar i låneopptak til investeringar, fortalde rådmannen.

Ny gymsal/kulturbygg på ungdomsskulen

Som vekstkommune og med gode resultat for 2014 legg rådmannen opp til større investeringar i økonomiperioden fram mot 2018.

Dette er blant tinga rådmannen har funne plass til:

  • Utbygging av Luranetunet omsorgsenter
  • Utviding av Os idrettspark Kuventræ med ny dobbel fleirbrukshall, friidrettsanlegg og omgjering av naturgrasbane til kunstgrasbane
  • Kraftig satsing på utvikling av Os sentrum i form av ny infrastruktur og tomtekjøp, herunder planlagt gymsal/kulturbygg på Os ungdomsskule
  • Opprusting av Lysekloster skule og midlar til ny skule i Os
  • Midlar til 5 nye klassar i grunnskulen frå 2015
  • Styrking av eldreomsorga med fire nye årsverk i open omsorg
  • Styrking av bemanning til PU med 2 stillingar
  • Auka kommunalt vedlikehald (stilling og driftsmidlar)
  • Styrka førebyggande helsetenster med oppretting av ny stilling som helsesøster
  • Ny fastlegeheimel
  • Auka brannberedskap i form av ny stilling og nytt utstyr (høgdeberedskap)

Midtsiden kjem tilbake onsdag med fleire detaljar frå rådmannen sitt budsjettframlegg

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.