
Nokon tente fyr på bosset i venterommet på Os bussterminal torsdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Bråk og bålbrenning
Torsdag blei ein moped avskilta på Lepsøy. Eigar hadde ikkje teikna ansvarsforsikring, dermed tok politiet med seg kjenneteiknet.
I 13-tida torsdag hadde politiet ein lite trafikkontroll nær Os sentrum. 10 bilar blei kontrollerte, alle hadde alt i orden.
Brann i bosspann
Klokka 15 kom melding om brann i bosspann på venterommet på Os bussterminal.
– Brannen var sløkt då vi kom fram. Brannvesenet kontrollerte åstaden og sørgja for utlufting, fortel politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen.
Bråkete ungdom
I 16.30 blei ein bråkete ungdom bortvist frå Amfisenteret.
Det var vektaren ved senteret som viste ungdomen vekk, og så varsla politiet for å orientera om saka.
I 20.30-tida fekk politiet melding om ungdom som sprang rundt i rundkjøringa i Os sentrum. Dei var då opptatt med ransaking og eit større narkobeslag, og kunne ikkje rykka ut på meldinga.
Eks sparka i døra
Torsdag kveld i 21-tida fekk politiet melding frå ei kvinne som følte seg truga av eks-kjærasten.
– Han hadde blant anna sparka i ytterdøra hennar, fortel Hadler-Olsen.
Mannen hadde fjerna seg raskt. Politiet rykte ut og tok ein prat med kvinna, som skulle ta kontakt igjen om ho ville at dei skulle følgja opp saka.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no