Politiet måtte rydde opp i fleire slagsmål i sentrum natt til søndag (ill.foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Bråkete menn i 40-åra

Fleire slåstkampar og bråk i Os sentrum. Fellesnemner; Menn i 40-åra på fest.

Av: Andris Hamre

Julebordsesongen er i høgste grad i gang. ikkje alle klarer å oppføre seg med alkohol innanbords.

– Det har stort sett gått i ordenforstyrring der oppe i natt, fortel operasjonsleiar ved Vest politidistrikt.

Melding om gjengslagsmål

Første meldinga fekk dei klokka 2350.

– Vi fekk melding om at fleire polakkar slåst utanfor Oseana. Det skal ha vore 8-10 stykker. Så kom ei ny melding om at dei var 10-15 stykk som yppa til bråk. Ospatruljen var i nærleiken. Dei køyrde fram og fekk roa situasjonen.

– Det viste seg at det var to polske menn som hadde byrja å slåst. Den fornærma var ein mann i midten av 40-åra. Han sa han hadde fått ei skade i ein arm og ville oppsøke legevakta for å få det dokumentert.

– Den mistenkte, ein mann i byrjinga av 40-åra blei bortvist frå Os sentrum, noko han etterkom.

Skreik til vakt

Neste episode er loggført klokka 0210, men skjedde rundt klokka eitt natt til søndag.

– Det var ein mann i 40-åra som hadde skreke ein vakt opp i ansiktet. Han ble også pålagt å fjerna seg frå Os sentrum, men blei truffet på Osøyro litt seinare. Han fekk då på nytt pålegg om å halde seg vekke frå sentrum og blei køyrd heim. Det virker som han då roa seg.

Rundt klokka 0300 var det på nytt tilløp til slagsmål i sentrum.

– Den mistenkte, ein mann i 20-åra fekk pålegg om å halde seg vekke frå Osøyro fram til klokka 0800, noko han etterkom.

Fekk melding om skot

Klokka 0630 fekk politiet melding om det som høyrdes ut som tre skot frå Kuhnlevika.

– Vi har vore på staden og søkt, men ikkje funnet noko, avsluttar operasjonsleiar.