Lokal | 05. apr. 2016

Brakkene på Søfteland må flyttast

Lesarinnlegg: Os Frp rår på det sterkaste til at brakkene flyttast før dei blir flykningebustader.

Brakkene på Søfteland må flyttast
Desse brakkene ved Søfteland skule vil Frp flytta før dei blir brukt til flykningebustader (foto: KVB)
Lesarinnleggtirsdag 05. apr. 2016 09:27

Os kommunestyre vedtok i haust at kommunen skal busetja 45 flyktningar pr år dei neste tre åra. Dette er monaleg fleire enn dei 15 flyktningane som Os kommune har tatt i mot tidlegare. Administrasjonen i kommunen arbeider difor no med å skaffa bustader til flyktningane, og har i 1.fase sett på eigedommar og bygg som Os kommune eig sjølv og som kan eigna seg for ombygging til bustadføremål. Til formannskapsmøte 12.april ligg det sak om ombygging av to bygg, - den gamle barnehagen på Søfteland og brakkene som Hjellemarka barnehage har hatt på skuleplassen på Søfteland.

I høve brakkene på skuleplassen har det komme reaksjonar på plassering av flyktningebustadene. I Os FrP har vi stor forståing for desse reaksjonane.

Då brakkene vært plassert på skuleplassen i 2009 vart det lovt at dette var midlertidig, og at crossbanen for sykkel som låg på området skulle byggast opp at av kommunen når brakkene vart fjerna. Dette vart mellom anna kommunisert klårt frå kommunen sin eigedomssjef på den tida gjennom intervju med BA. Ein av verdiane til Os kommune er at «Vi gjer det vi seier». Kommunen må derfor stå for sine lovnader til Søftelands krinsen og dugnadsgjengen som i si tid la til rette for crossbanen. Å no endra standpunkt vil ikkje akkurat fremja engasjementet i frivillig sektor, og vera klårt i strid med føringane i Os inspirerer-prosjektet.

Eit anna spørsmål er om det i det heile tatt er fornuftig å leggja flyktningebustader midt inne i eit oppvekstsenter med skule, barnehage og Friplassen. Dette verkar ikkje naturleg. Os FrP vil difor på det sterkaste rå til at kommunen flyttar brakkene og dei framtidige flyktningebustadane til ein meir eigna plass!

Eirik Andre Hesthamar
Gustav Bahus
Os Fremskrittsparti

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.