Lokal | 28. juli 2014

Brann i bosspann

Politiet: Melding om brann i eit bosspann, promillekontroll og avskiltingar.

Brann i bosspann
Kari M. Lyssandmandag 28. juli 2014 07:54

Sundag i 09.30- tida hadde politiet i Os promillekontroll på kontrollflata på Søfteland.

- Vi kontrollerte 68 bilar i perioden vi var der. Alt var i orden med alle, seier politibetjent Christine Grindstein.

Bossbrann

Natt til måndag kom det melding om brann i eit bosspann ved eit busskur på Lekven.

- Politi og brannvesen reiste ut, men då vi kom fram hadde brannen slokna.

I løpet av det siste døgeret har politiet vore rundt i kommunen og avskilta 8-10 bilar av ulike grunnar.

- Bilane blei blant anna avskilta for manglande periodisk kjøretøykontroll eller manglande forsikring, fortel Grindheim.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.