
(Foto: Varde Film og Media)
Brann i Giljavegen
Klokka 03.46 natt til måndag kom melding om bustadbrann i Giljavegen, klokka 03.50 var brannvesenet på veg ut av stasjonen og opp Mobergsbakken.
– Det var tre personar i bustaden då det byrja å brenna, fortel varabrannsjef Arne Monsen til Midtsiden.
Henta sonen ut
Ein mann i 20-åra var bevisslaus. Han blei tatt ut av huset av faren, ein mann i 40-åra.
Det var også ei eldre dame i huset. Ho kom uskadd frå det.
– Vi har vore inne med røykdykkarar og gjennomsøkt heile huset. Brannen er no sløkt, seier Monsen.
Soverom utbrent
Mannen som var bevisstlaus fekk behandling på staden før han blei frakta til sjukehus i luftambulanse. Også faren er frakta til sjukehus.
– Det var ein underventilert brann, så det var mykje røyk og lite eld. Soverommet i kjellaren er heilt utbrent og heile kjellaretasjen har store røykskader, opplyser Monsen.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no
