Lokal | 28. juni 2017

Brann i takkonstruksjon

Brannvesenet rykte ut på melding om brann i takkonstruksjon på eit nybygg i Storestraumen.

Brann i takkonstruksjon
Det kom røyk frå taket og veggane då brannvesenet kom til staden (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamreonsdag 28. juni 2017 08:15

Klokka 09.55 onsdag morgon fekk brannvesenet melding om brann i takkonstruksjon på ein bygning i Storestraumen.

Ti minutt seinare var brannvesenet på plass.

– Brannvesenet framme, ser inga synlege flammer. Legg ut slanger for å kjøla ned området det har brent, melder 110-sentralen på twitter.

Nytta høgderedskapen

Brannvesenet fekk mellom anna bruk for den nye høgderedskapen for å få oversikt over situasjonen.

– Det kom røyk ut frå vegg og tak då vi kom fram, men vi har kontroll på situasjonen. Vi har eit team med røykdykkarar inne, og veit meir når dei har rapportert, seier varabrannsjef Arne Monsen til Midtsiden.

Bygningen det brann i ligg ved siden av Hjellemarka FUS Barnehage. Branntilløpet gav inga grunn til å evakuere barnehagen.

Arbeidde på taket

Brannen har truleg starta i samband med varme arbeider på taket. Handverkarane hadde slokkeutstyr klart og brukte pulverapparat då dei oppdaga røyken.

Brannvesenet inspiserer no med varmesøkande utstyr for å sikra at det ikkje brenn i veggar eller tak.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.