Sport | 24. mai 2017

Brann imponerte ikkje

Eit offensivt Lysekloster viste lite respekt for eliteserielaget Brann i 2. runde i cupen.

Brann imponerte ikkje
Lysekloster var det beste laget i 1. omgang, men klarte ikkje skåra mot eliteserielaget frå Bergen (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamreonsdag 24. mai 2017 17:49

Over 1000 tilskodarar fekk med seg cup-oppgjeret mellom Lysekloster og Brann på Lysekloster Framo Idrettspark onsdag kveld.

Heimelaget viste ingen respekt for gjestane frå to divisjonar over, og gjekk rett i strupen på eliteserielaget.

Etter berre to minutt var Ole Thomas Herrem frampå og skulle, ifølgje fleire på tribunen, hatt straffe, men dommaren let spelet gå vidare.

Lysekloster heldt fram med på pressa, men etter vel 24 minutter fekk Brann frispark frå om lag 22 meter. Fredrik Haugen på Brann la ballen tilrette og slo den mot bakre stolpe, kor Azar Karadas raga høgst og heada ballen tilbake inn i feltet. Der sto Torgeir Børven heilt aleine og kunne setja inn 0-1.

Kjempesjanse

Berre tre minutt seinare hadde Lysekloster sjansen til å utlikna. To hjørnespark på rad gav gode sjansar for heimelaget, men Brann-forsvaret sto i vegen.

Like etterpå hadde heimelaget ein ny kjempesjanse då Alex Horwath mista ballen ned i beina på Kristoffer Østervold, men igjen sto Brann i vegen.

Lysekloster kan vera nøgd med ein god førsteomgang, kor dei var det førande laget, sjølv om Chris Sunde Midtun måtte i full strekk på overtid av omgangen etter ei heading av Torgeir Børven.

Brann tok over

I den andre omgang viste Brann at dei er to divisjonar over Lysekloster. Gjestane førte kampen og gjekk opp i 0-2 etter ein corner, kor Sivert Heltne Nilsen kom seg fri og sikra sigeren.

Brann heldt fram med å halda presset og hadde god kontroll omgangen ut.

Midtsiden kjem tilbake med bildeserie og reaksjonar etter kampen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.