Lokal | 14. apr. 2015

Brannfarleg lekkasje på Halhjem

Då det rann væske ut av dette umerkte vogntoget kjørte ferja rett til land igjen.

Brannfarleg lekkasje på Halhjem
Lynol, eller «tynner», som folk kallar det, rann ut av eit vogntog på ferja frå Halhjem. Ferja snudde og sendte bilen på land igjen. (Foto: Os brannvesen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 14. apr. 2015 07:01

Klokka 01.14 natt til tysdag fekk Os brannvesen melding frå mannskapet på MF Fanafjord.

– Det rann væske ut av hengaren på eit umerkt vogntog. Ferja snudde og sendte traileren på land igjen på Halhjem, fortel varabrannsjef Arne Monsen.

Brannfarleg og helseskadeleg

Då brannvesenet kom fram såg dei at lekkasjen var frå lasta, men føraren av vogntoget visste ikkje kva det var.

– Det viste seg at han hadde ei palle med lynol i hengaren, 16 spann med 25 liter i kvar.

Lynol er svært brannfarleg og inneheld dei helseskadelege løysemidlane toluen og butylacetat.

Sperra av området

Eit område rundt hengaren blei sperra av og brannvesenet fekk lynolen over på to oljefat.

Politiet var ikkje på plassen så Monsen noterte personalia på føraren, ein mann frå Polen, som hekta av hengaren og kjørte vidare til Stavanger utan.

– Hengaren står igjen, men blir tatt hand om av Bring i dag. Politiet følgjer opp føraren og det norske selskapet han kjører for, seier varabrannsjefen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.