Lokal | 19. jan. 2018

Branntillaup på Skeie

Kvinne til legevakt etter brann i ein lampe.

Branntillaup på Skeie
Politi og brannvesen ved bustaden som no står til utlufting. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 19. jan. 2018 15:36

Fredag klokka 15.23 kom det melding om branntillaup i Skeismyra på Nore Neset.

– Det skal ha tatt fyr i ein arbeidslampe. Det var folk i huset då denne byrja å brenna, og fekk tatt lampen ut av huset, fortel operasjonsleiar Bjarte Rebnor i Vest politidistrikt.

Kvinna skal no vera på legevakt for sjekk etter at ho kanskje kan ha pusta inn noko røyk.

Politi og brannvesen var på staden.

– Røykdykkarar var inne og sjekka at ikkje det var andre ting sm hadde tatt fyr. No står bustaden til utlufting, seier varabrannsjef Arne Monsen.

Tredje branntillaup på to dagar

I går var det eit tilsvarande branntillaup på Søfteland. Også då var det ei kvinne i huset, men då var det røykdykkarar som måtte ta den brennande gjenstanden ut av huset.

Brannvesenet var på plass 10 minutt etter at meldinga kom inn. Nokre minutt seinare så kunne bustaden vore overtent.

Frå Søfteland reiste brannvesenet rett til Kvernhusrenen for å bistå BKK etter brann i ein trafokiosk.

BKK kunne i går ikkje svara Midtsiden på om det var straumbrot i området etter brannen, men Midtsiden har i etterkant fått melding frå folk som bur i nabolaget, som var ein periode utan straum.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.