Kultur | 25. mai 2016

Breaking møter klassisk

Det blir livleg i biblioteket torsdag når breakegruppa Funky2 inviterer til mini-showet «Fiffen møter tjuagutta».

Breaking møter klassisk
Funky2 er klare for å underhalda alle aldrar på Os folkebibliotek. (Pressefoto)
Kari M. Lyssandonsdag 25. mai 2016 11:36

I rundt tretti minuttar torsdag blir det alt anna enn stille på Os folkebibliotek. Då kjem dei to dansarane i dansegruppa Funky2, Ole Petter Knarvik og David Bryn med framsyninga «Fiffen møter tjuagutta». Knarvik og Bryn har bakgrunn frå breakdancegruppa Absence Crew, og for to år sidan kom dei til semifinalen i Norske Talenter som Funky2. Med seg har dei Werner Bryn på cello og saman blir det ei heftig blanding av klassisk musikk og dans.

Arrangementet er ein del av Den kulturelle spaserstokken som som har som formål å gje eit betre og meir omfattande tilbod av kunst og kultur for eldre.

– Bakgrunnen for at vi fekk tak i denne gjengen er at dei har hatt opplegg på Den kulturelle spaserstokken-arrangement andre stadar tidlegare og der har dei blitt godt mottatt, fortel Grete Byrkjeland, aktivitetskoordinator og nestleiar i kultureininga i Os kommune.

– Det er kjekt å få vist uttrykk som ikkje er så kjent, som denne type dans saman med klassisk musikk, så dette fann vi ut var verdt å prøva.

Akrobatikk, dans og cellomusikk

David Bryn frå Funky2 seier dei frammøtte kan venta seg humor, akrobatikk, dans og flotte cellostykker.

– Framsyninga startar med Werner som sit og speler klassiske cellostykker og så kjem vi to dansande «tjuaguttar» på scena. Då blir spørsmålet om vi kan klare å samarbeida og få det til å fungere saman.

– Vi var rundt på ulike eldresentrer i fjor sommar og tilbakemeldingane var overraskande bra. Dei eldre syntest det var artig å sjå noko som var nytt for dei.

– Det einaste dei klagde litt på var at dei kunne ønska det varte lengre, fortel Bryn.

Ikkje berre for dei eldre

Arrangementa i Den kulturelle spaserstokken har tidlegare vore på Luranetunet, men på grunn av ombygging har dei hatt biblioteket som arena den siste tida.

– Biblioteket er lett tilgjengeleg og, sjølv om vi ikkje får alle med oss, så vil alle som ønskjer det bli transportert frå Lurane og ned til biblioteket, forklarar Byrkjeland.

Det er Frivilligsentralen som sørgjer for at dei eldre kjem seg på plass.

– Det er spanande å få bruka den type møteplass til slike arrangement. Denne gong blir det også i opningstida til biblioteket, så her kan det poppa opp andre inntrykk enn å berre låna seg ei bok.

I og med at det er breakdansarar inne i bildet så håpar Byrkjeland at det også kjem fleire unge til arrangementet.

– Her er alle velkomen, ein treng ikkje høg alder for å koma og sjå.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.