Fotball | 07. juni 2010

Brente seg til siger

Søre Neset vann 3 - 2 etter å ha brent ufatteleg mange sjansar. Torsdag er det toppkamp mot Krabbetor.

Brente seg til siger
Andris Hamremandag 07. juni 2010 11:18

Sundag spela Søre Neset mot Laksevåg 2 på bortebane. Det som såg ut til å vera grei skuring blei i overkant spanande. Søre Neset leia 2 – 0 til pause, men Laksevåg kom attende og utligna til 2 – 2 før Søre Neset dro det i land tre minutt før full tid.

Sjansesløseri
I første omgangen verka det som om det berre var eit lag på bana. Søre Neset hadde full kontroll og var totalt overlegne.

- Vi leia 2 – 0 til pause, men vi burde hatt fem og seks mål utifrå sjansane, så dette var sjansesløseri utan sidestykke, fortel Søre Neset-trenar Morten Øvrebø.

Mål pregar kampar
Andre omgangen startar med at Søre Neset hadde spelet og trøkte på for å få fleire mål. Ut frå intet kom reduseringa til 1 – 2 og berre fem minutt seinare får Laksevåg eit frispark som går i ei merkeleg bue rett i mål.

- Då Laksevåg utlignar blir vi stressa og mistar noko av kontrollen over kampen. Vi kunne fort ha mista poeng slik kampen blei, men heldigvis klarar Emilis å putta ballen i mål på slutten, seier Øvrebø.

- Det var ei periode der blodpumpa mi gjekk litt fortare enn den burde, fortel ein letta trenar.

3 x Emilis
Sundagens helt på Søre Neset blei Emilis Zilinskas som scora alle dei tre måla mot Laksevåg. Måla kom etter 17, 22 og 87 minutt.

Inviterar til toppoppgjer
Torsdag inviterar Søre Neset til toppoppgjer mot Krabbetor kl 20.00 på Søre Neset Idrettspark.

Dei to laga har begge 23 poeng før oppgjeret, men Søre Neset har scora to fleire mål og leier difor serien. Begge laga har slept inn 13 mål. Søre Neset og Krabbetor har ei luke på 10 poeng ned til Vadmyra 2.

- Det er ein godt gira gjeng som er klare til å ta i mot Krabbetor på torsdag, fortel Morten Øvrebø.

- No blir ikkje serien avgjort på torsdag, men det skal bli kjekt å sjå korleis vi ligg ann i forhold til det som ser ut til å vera den argaste konkurrenten vår, avsluttar han.

Søre Neset sitt lag (4-3-3):
Anders Kloven
Forsvar frå høgre: Øystein Lien, Ørjan Bakke, Audun Røren, Frank Haugland
Midtbane frå høgre: Emilis Zilinaskas, Andreas Pettersen, Torbjørn Hjelle
Angrep frå høgre: Anders Kinden, Tore Kinden, Niklas Linde
Innbyttarar med speletid: Kjetil Henriksen, Robin Hjertnes, Erlend Eidhammer

Sjå tabell

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.