Sport | 06. apr. 2017

Britisk stopparkjempe til Kuventræ

Biko Bradnock-Brennan spelte 24 kampar på nest øvste nivå i USA i fjor. No blir han Os-spelar.

Britisk stopparkjempe til Kuventræ
Etter heimreise frå USA og tre dagar med familien i London, landa Biko i dag på Flesland. Fredag har han si første trening med spelande dagleg leiar Endre Brenne og resten av Os. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 06. apr. 2017 14:52

Ei god veke før seriestart styrkar Os stallen med Biko Bradnock-Brennan. Bradnock-Brennan som fyller 25 år i oktober, er ein irsk-engelsk fotballspelar frå Cork i Irland, som flytta med familien til London då han var 10-11 år, og som seinare blei oppfostra ved Fulham sitt akademi.

No har han fire år bak seg i USA.

– Vi fekk kontakt med han via agenten hans, og han var med oss til Kypros. Biko er ikkje berre stor, han er god med beina og komuniserer mykje og på ein tydeleg måte. Det passar godt til den måten vi speler fotball på, seier Os-trenar Hassan El Fakiri.

Den 1,91 meter høge midtstopparen hadde ungdomstida si som G16-spelar for Fulham og var seinare kaptein på juniorlaget til Blackpool. Etter å ha vore ubrukt reserve på A-laget til Blackpool gjekk turen til studier og meir fotball i USA.

– Mor maste på meg om studier, så eg tenkte det å få betalt for utdanninga si, samtidig som eg fekk spela fotball, var eit bra kompromiss, seier Bradnock-Brennan.

Nest høgaste nivå

På college (2012-2015) studerte han historie og spelte 61 kampar for Charlotte 49ers (North Carolina).

– Eg ønskjer å studera jus, men dette var ikkje eit alternativ i kombinasjon med fotballen på det universitetet. Eg like historie og får bruk for graden i seinare studier og yrke, seier Biko, som vil fullføra graden sin online frå Os.

Ifølgje heimesida til laget spelte han alle kampar frå start i 2014 og hadde «an integral role in helping the 49ers finish second in the Conference USA Regular Season».

Før 2016 blei det overgang til San Antonio FC i Texas, med Toyota Field som heimebane.

Bradnock-Brennan spelte 24 kampar i The United Soccer League (USL), tidlegare kalla USL Pro (nest øvste nivå i USA), med San Antonio i fjor.

Tilbake til Europa

Biko seier han kunne blitt verande i USA, men at det ville vore vanskeleg.

– Dei kan berre ha eit visst tal utanlandske spelarar, og då ser dei ofte etter ein erfaren spelar frå Europa eller eit spansktalande talent frå Sør-Amerika, så det ville vore tøffare konkurranse.

Etter ei veke på treningsleir Med Os på Kypros bestemte han seg for å reisa til Noreg for første gong.

– Eg hadde det veldig fint på Kypros. Spelarane er veldig hyggelege og eg har veldig sans for spelestilen. Eg har fleire venar i Skandinavia, men har aldri vore i Noreg før og ser veldig fram til å oppleva landet.

Biko skal bu heime hos keepertrenar Vidar Bahus, gåavstand til Kuventræ. Han har prøvd ski i Sør-Frankrike, og har ambisjonar om å læra seg å stå på snowboard. Med den skadestatistikken Os har hatt i vinter reknar vi med at ingen kjem til å køyra Biko til fjells i påsken.

På fulltid på Kuventræ

El Fakiri seier han er glad for å få Biko på plass.

– Hjertnes er tilbake, Valle og Cardoso er framleis i stallen og Kolskogen har gjort det bra som midtstoppar. Vil Biko frigjera Kolskogen til meir offensivt spel?

– Eg er generelt opptatt av at vi får ein god og brei stall. No byrjar fleire å koma tilbake frå skade òg, så då blir det endå betre kvalitet på trening. Kven som speler kvar, og kven som speler frå start, tar vi ut frå form og prestasjonar på trening. No byrjar vi å få hard konkurranse om plassane, sånn det skal vera.

Biko har signert proffkontrakt på eitt år og skal, ved sidan av rolla som spelar, jobba for klubben, i hovudsak på fotballfritidsordninga (FFO).

– Vi har veldig god erfaring med å bruka utanlandske spelarar på FFO. Spelarane blir godt integrerte og ungane synest det er veldig spennande, trenaren blir superhelt med éin gong, seier Brenne og ler.

Samtidig har Biko ein baktanke med heile Os-opphaldet.

– Stian (Kvåle) loppa meg for ein del kroner på kortspel på Kypros. Eg er her for å vinna dei tilbake!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.