Sport | 17. juli 2014

Bronse og turneringssiger

Anna Bjørke Kallestad og dei andre jentene på U-landslaget i handball har hatt ei god oppkøyring før VM.

Bronse og turneringssiger
Anna Bjørke Kallestad (nr fire fra venstre, bakre rekke) og resten av U-landslaget er klare for VM i Makedonia (foto: Noregs Handballforbund)
Andris Hamretorsdag 17. juli 2014 07:06

Onsdag avslutta ungdomslandslaget oppkøyringa til VM i Makedonia med uavgjort 19-19 mot Frankrike i Apt. Resultatet gjorde at Noreg vann den siste firenasjonersturneringa kor dei har møtt Frankrike, Portugal (siger 26-25) og Spania (uavgjort 25-25).

Les òg: Handball heile sommaren

Før firenasjonersturneringa i Frankrike tok Noreg bronse i European Open i Gøteborg i slutten av juni. I bronsefinalen slo Noreg Tsjekkia 23-22.

Osingen Anna Bjørke Kallstad, har som dei andre jentene fått godt med speletid i dei to turneringane laget har delteke i. Totalt har den tidlegare høgrebacken til Os (Anna spelar no for Viking i 1. divisjon) skåra fjorten mål i dei to turneringane.

No ventar ein kviledag før Anna og dei andre jentene reiser til Makedonia og VM-opning mot Kongo på sundag.

Dei andre laga i Noreg si gruppe er Russland, Japan, Ungarn og Paraguay

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.